Klikk på fotoa om du vil ha dei i stor versjon.

Kanskje er det litt respektlaust, men Elsandtindane er ein av "brødfjøltindane" mine, dvs. eit av dei fine fjella eg  ser på motsett side av Hjørundfjorden når eg sit ved brødfjøla om morgonen og et brødskiva mi. I det siste har eg også leita fram kikerten - ligg den enorme bikkehella på toppegga der framleis?

Om nokon skulle tvile, hella låg der - hå låg der nesten å venta på eit besøk.  Far og son, Olav og Ronny Haugen, sa ja til å bli med.  Kanskje vart det tid til å besøke Ola (Sæbønes) nede i Maradalen også.  Turboka "Fotturar på Sunnmøre" tilrår at turen startar frå Haukåssetra framme i Urkedalen.  Slike råd er til for å fylgjast sjølv om Kristoffer Randers i si tid meinte det var best å gå opp frå Maradalen.

DSCN3955 (Large) IMGP6906 (Large)

Til venstre: Sist søndag var det nok ein flott dag, men kanskje ikkje varmt nok til å ta eit bad her i Nordkopen?  Foto:  Olav Haugen.  Til høgre:  Opp til venstre ser vi dei to Elsandtindane.  Lenger nede ser vi mykje fjell samt Olav (t.v.) og Ronny.

"Ei spennande rute i dramatisk landskap til ei uvanleg toppegg" skriv forfattarane av turboka, men dei sju-åtte som gjekk framom oss tok likevel til høgre oppe i Nordkopskaret.  Dei ville nok på Råna, vi tok ei god matykt og gjekk så mot venstre.

IMGP6912 (Large)

Utsikt frå Nordkopskaret.  Vi ser Store-Standal og vi ser også så vidt i oppdrettsanlegget for torsk der eigarane no har søkt om ei utviding - ei tredobling av storleiken.

IMGP6920 kopi (Large)

Klikk på fotoet og du ser ruta vi gjekk opp til Elsandtindane.  Foto frå Nordkopskaret.

Turen opp til skaret mellom dei to Elsandtindane gjekk utan problem.  Å påstå at dette er eit grøderikt område er vel å overdrive litt, men vi tenkte nok litt på fine skiruter framover mot vinteren - og er ikkje det i dette området fleire brukar å gå når dei går Hjørundfjorden rundt?

IMGP6923 (Large)

Ikkje særleg frøderikt her.  Til venstre ser vi Hjelledalen, ein sidedal til Lissjedalen.  Går du ned den dalen kjem du ned til Trandal.  Midt på fotoet ser vi også Råna.

DSCN3980 (Large) DSCN3979 (Large)

Foto til venstre:  Her er Ronny(t.v.) og underskrivne (eg må slutte med å gå på tur med hendene i lommene) oppe i skaret mellom Elsandtindane.  Fjellet bak oss er Lissje Elsandtind.  Fjellet vi ser mot er - foto til høgre - Store Elsandtind.  Foto:  Olav Haugen.

IMGP6938 (Large)

Her står fotografen enno i skaret mellom dei to toppane.  Ronny lurer på kor laaaangt fram han kan gå.  Den grøne dalen er.... Bondalen, ja.

Toppegga på den største av Elsandtindane er lang - og ikkje særleg brei.  Det er også høgt ned på begge sider.  Og la det vere sagt med ein gong; vi gjekk eit godt stykke bortover, men ikkje heilt til vi nådde den store vippehella.  Vi hadde både tau og litt sikringsutstyr i sekkane, men dette vart ikkje brukt.  Mest av tidsomsyn valde vi denne gongen å snu før målet - hella - var nådd.  Eg tek likevel med nokre foto frå toppområdet.

IMGP6985 (Large)

Foto mot søraust.  Her er Olav på veg  mot den vesle varden der vi kom opp.  Ronny har retning mot nordvest og bikkehella.

Under ein liten stilstudie av Ronny.

IMGP6978 (Large) IMGP6980 (Large)

Ronny på veg mot bikkehella.  Ikkje så vanskeleg å gå - hadde det berre ikkje vore så høgt ned... På foto til høgre ser vi bikkehella rett over hovudet til Ronny, rett til venstre for det høgste punktet.

Det var vel venstremannen Johan Sverdrup som i si tid sa "at her er det godt at sitte".  På fotoet under meiner nok Ronny det same.

IMGP6960 (Large)

Foto mot nordvest

Vel nede i skaret mellom dei to toppane igjen vart det tid for litt fundering. Kvifor har desse toppane fått namnet Elsandtindane - p.g.a. sanduttak frå elva under tinden, skriv forfattarane av  "Fotturar på Sunnmøre".  Olav kom med ein annan teori.  Mellom dei to toppane var det nemleg ein del sand - den såg nærast ut som eld, kanskje med innslag av glimmer?  Kanskje skal namnet vere "Eldsandtindane"?

IMGP6993 (Large)

Er det denne "eldsanden" som har gjeve namnet til Elsandtindane? Undrar Olav

På den eine sida av dei to tindane ligg Nordkopen.  På den andre sida ligg Elsanddalen og Maradalen.  Det var Ronny som gjorde meg merksam på skilnaden - den eine sida grøderik, den andre ikkje.  Fotografen sat på same stad og tok desse to fotoa under.

IMGP6996 (Large) IMGP6997 (Large)

Til venstre den vakre og grøderike Maradalen.  Til høgre det vakre, men ikkje fullt så grøderike Nordkopområdet med m.a. Råna og Midtre Regndalstind.

Vi hadde store planar for denne dagen, m.a. tenkte vi å gå egga mellom Elsandtindane til Saksa med ein avstikkar ned  i Maradalen til Marabu og Ola Sæbønes og tre av borna som vi visste var der, men diverre sprakk tidsskjemaet vårt.  Heldigvis hadde vi kontakt pr. tlf.

IMGP6969 (Large)

Vakre Maradalen.  Vi ser dei to vatna og det gode auget ser også hytta Marabu.  Kjempegarden ser vi også.

Panorana Maradalen

Oversiktsfoto av eit av dei områda som Ola Sæbønes set mest pris på.  Det er her han og sonen Lars Johan (Lasse) har flesteparten av sauene sine.

Vi tre gjekk no vidare til Lissje Elsandtind og vidare etter egga ned til det lavaste punktet mellom Elsandtindane og Breidfonnhornet.  Ein fantastisk tur.  Turen gjekk utan problem ned frå Lissje Elsandtind, men vi møtte på ein bøyg - rett nok ikkje Bøygen med stor B frå Peer Gynt, men likevel.  Kristoffer Randers kalla det forresten ikkje bøyg, men "en liten vanskelighet".  Og kva gjer ein så?  Svaret gjev seg sjølv - ein går utanom, akkurat som Peer.

Under ein del foto frå denne strekninga.

IMGP7002 (Large) IMGP7004 (Large)

Til venstre:  Mot Lissje Elsandtind.  Til høgre: På toppen.

IMGP7006 (Large)

Her ser vi egga (ikkje smal) ned til det lågaste området mellom dei nemnde fjella.  (Kan ikkje øydelegge fotoet med raud strek)

IMGP7007 (Large)

Bøyg kalla vi det, en liten vanskelighet, kalla Kristoffer Randers det.  Men Peer viste veg - gå utanom.  (For Ronny ville det seie å gå ned til høgre)

IMGP7021 (Large)

Olav på høgde 1172.  (Ser du godt etter, oppdagar du kanskje Ronny rett til venstre for han.

IMGP7029 kopi

I båt på fjorden eller på ein tur i fjell og dal - sist søndag var flott for dei fleste.

DSCN4025 (Large) DSCN4028 (Large)

Til venstre:  Foto i motsett retning av fotoet over.  Til høgre:  Alle vardar må ha ein toppstein. Foto:  Olav Haugen.

I ei anna sak her på portalen skriv Per Urke om rundkøyringa i Langseterdalen.  Under tek eg med eit foto av denne rundkøyringa.

IMGP7036 (Large)

Ein kan no køyre fram til Haukåssetra og vidare fram til inntaksdammen til kraftverket på Urke.  Så kan ein køyre ned att til Klokk.  (Men var det ikkje så at anleggsvegen skulle stengjast etter at kraftverket var ferdig?)

Som tidlegare nemnt kom vi i beit med tid (mest p.g.a. ei kvige som hadde kalva hos underskrivne).  Vi gjekk difor ikkje opp på Breidfonnhornet og vidare til Saksa som planlagt.  I staden gjekk vi ned frå det lågaste punktet, ned ein "dal" og kom ned litt framom Haukåssetra.  Eg vil ikkje seie så mykje om denne siste resten av turen - men gå der ikkje.  Gå heller om Saksa sjølv om det tek ein time eller to meir med tid.

Takk for nok ein fin tur.