Blåtindane, ja - det er to av dei der dei ligg litt utanfor allfarveg bakom Grøtdalstindane.  Det er visstnok heller ikkje så lenge sidan desse to fjella vart namnsette til Søre- og Nordre Blåtind.

IMGP6874 (Large)

Slik ser desse to toppane ut frå Rv. 655 ved Tryset i Bondalen der dei ligg anonymnt til bak den langt meir kjende Grøtdalstinden.  Søre Blåtind til høgre.

Søre Blåtind er nok meir kjend i klatremiljøa enn mellom  "vanlege" fjellturfolk.  Sørvestegga på Søre Blåtind er visstnok ei klassisk klatreutfordring, grad 4.  "Herfra går Sydvesteggen opp, en av de vanskeligste klatreruter på Sunnmøre", skriv Kristoffer Randers i boka "Sunnmøre", 4. utgåve frå 1962.  Fred Ingar (Somby) og Ronny (Haugen) prøvde denne ruta sist veke, men måtte snu p.g.a. regn og skodde.   Heldigvis har alle fjell minst to sider.  Ronny Haugen tok difor søndag med seg far Olav og underskrivne til det same området - målet var Søre Blåtind, men ikkje opp sørvestegga - eller???

Turen til Blåtindane er omtala på side 168 i boka "Fotturar på Sunnmøre".  Kanskje har forfattarane her vore vel mykje opptekne av turen opp i Kalvedalen frå Standaleidet og i minste laget av siste delen av turen opp på Blåtindane.  Er du i tvil om vegvalet kan det vere klokt å klikke her.  For ikkje-fjellfolk kan sidene som Svein Myhre skriv kanskje til tider vere litt kjedelege, men på Fjellinordvest.net finn ein svært ofte god informasjon om ulike ruter.

IMGP6765 kopi

Ronny(t.v.) og Olav Haugen på veg opp Bjørndalen

Den vanlegaste vegen opp på Grøtdalstinden for oss bondalingar, er nok å gå opp Bjørndalen frå Frølandsheimsetra.  Når vi kjem høgt nok opp, tek vi til høgre mot Grøtdalstinden.  Men vi skulle altså på Blåtindane og tok difor ikkje til høgre - vi gjekk vidare opp ein liten dal (er dette ein del av Bjørndalen, eller har den eit eige namn?). 

IMGP6772 kopi

Vi tok ikkje av til høgre, men gjekk vidare oppover den vesle dalen til fjellet (Søre Blåtind) over hovudet til Ronny(t.h.).

Vi gjekk no opp til Kalvedalsegga sørvest for Søre Blåtind - vi måtte i alle høve sjå på den tidlagare omtalte "klassiske klatreutfordringa".  Her har også Finn Flø lagt ut ein post som du kan skrive namnet ditt i.  Men, kjære Finn, om du les dette der oppe på Svalbard som du vel no er, så er det nok ikkje så mange som går hit opp som går over Besseggen, men boka har no i alle høve fått tre nye namn.

IMGP6780 (Large) IMGP6793 (Large)

Til venstre:  Boka som er plassert ved overgangen mellom Kalvedalen og Bjørndalen har no fått tre nye namn.  Til Høgre:  Ronny testar første del av sørvestegga på Søre Blåtind.

Om Ronny gjekk heilt opp denne sørvestegga skal vi vel ikkje snakke så mykje om, men vi gjekk no i alle høve til det trange skaret til høgre for midten av sørveggen.  Her skulle det vere godt mogleg å kome opp utan klatring - berre klyving. Det aktuelle skaret ligg rett vest for to små, men vakre pinaklar.

IMGP6782 kopi IMGP6794 kopi

Til venstre:  Utsyn frå skaret mellom Kalvedalen og Bjørndalen.  Til høgre:  På veg forbi sørveggen til Søre Blåtind til skaret der vi gjekk opp.

Dette no mykje omtalte skaret viste seg å vere det vanskelegaste å kome forbi.  Vi gjekk rett opp (raud strek på foto under), men vi burde nok ha gått opp til venstre - blå strek - der vi gjekk ned.  Resten av turen opp til Søre Blåtind var ei fryd å gå.

IMGP6870 kopi (Large) IMGP6800 (Large)

Den eine av dei to små pinaklane til høgre.  Vi gjekk opp ved raud strek og ned ved blå strek, men sikkert best å gå både opp og ned ved blå strek. Til høgre:  Olav (grøn jakke) og Ronny på veg opp, men blå, stipla linje er nok den lettaste vegen.

IMGP6805 kopi IMGP6811 kopi

Til venstre:  - Kvar har Ronny tenkt seg no, undrar Olav.  Til høgre:  Ronny kom seg opp på "Preikestolen", den eine av dei to pinaklane.

Resten av turen opp på Søre Blåtind var problemfri.  Ronny, som  hadde med seg både hjelm og svasko(klatresko), måtte sjølvsagt få brukt litt av av utstyret og valde ein litt meir utfordrande - som det no heiter - veg opp.

IMGP6801 kopi IMGP6820 kopi

Til venstre: Så ligg skaret bak oss og det er ikkje langt til topps.  Ronny ser ned mot Koppvatnet.  Kanskje eit bad seinare? Til høgre:  Enkelte valde ei litt meir utfordrande rute opp.  Men då vedkomande var nesten oppe vart han møtt av dette synet...

IMGP6821 kopi

... Far Olav vart nok først denne gongen.

Det å kome opp på ein fjelltopp - låg eller høg - ein varm og fin seinsommardag er alltid ei oppleving.  Lufta tek til å bli skikkeleg klar og utsikta er dermed fantastisk sjølv om toppen nødvendigvis ikkje er så høg.  Sjølvsagt må det fotograferast og skal alle med må sjølvutløysaren takast i bruk.  Det er ikkje alltid like enkelt - sjå under.

IMGP6825 (Large) IMGP6826 (Large)

Til venstre:  12 sekund er tida fotografen har til rådvelde.  Det viser seg å vere nokre sekund for lite, men aukar ein tempoet litt (t.h.) går det bra. 

Ja, når vi er her oppe - skal vi kanskje prøve oss på Nordre Blåtind også?  Var det slik at det måtte klatring til?

IMGP6828 kopi

- Skal vi prøve oss på Nordre også? Det lurer Ronny og Olav på.  Nordre Blåtind til høgre.

Vi bestemmer oss for å prøve.  - Får ein ta ein neve på fast fjell er det utruleg kva ein kan klare, seier Olav.  Det viser seg at han har rett.  Fjellet er tørt og underlaget fast. Turen bort- og opp på Nordre Blåtind går også fint.  Det er nesten så ein må jodle  "Vi kan ikke få det bedre enn akkurat nå", skriv Svein Myhre ein stad.  Sjølvsagt har han rett.

Under eit par utsiktsfoto frå "Søre".

IMGP6837 kopi

Flott utsikt, men kanskje best å vere varsam her?

IMGP6839 kopi

Foto mot nord.  Heilt til venstre Nordre Blåtind.

IMGP6840 kopi IMGP6846 kopi 

Ronny var først på "Nordre" - utan tvil.

IMGP6854 kopi

...Men vi kom oss opp vi to andre også.

Likevel må det innrømmast at Ronny er flinkast til posering i motlys:

IMGP6862 kopi

"Mann med hjelm i motlys"

Under ser vi eit fotografi i retning Fingeren.  Les meir her.

Søre- og Nordre Blåtind - 17.8.08 055

Foto frå Nordre Blåtind i retning Kolåstinden, men vi ser også Fingeren - rett til høgre for varden - og Nåla omtrent midt mellom Fingeren og Kolåstinden. Foto:  OLav Haugen.

Så var det berre å snu nasa nedover igjen.  Denne dagen var der minst ein person på Grøtdalstinden - og sikkert på mange andre toppar i området, men vi - inkludert eit par aldrande menn, hadde det nok kjekkast.  Det einaste vi mangla snø og eit par ski når vi skulle ned att Bjørndalen, men det ordnar seg til vinteren...

Takk for turen.

IMGP6866 kopi

Så er vi klare for turen ned.  I bakgrunnen til venstre:  Grøtdalstinden.

P.s.:  Nokre saknar kanskje mannen som vel var "tanken bak" denne turen - Fred Ingar (Somby).  Vel - "he has left the building" som det heiter "over there".  Han er altså i ferd med å forlate landet for ca. eit års tid, men vi høyrer nok frå han etter kvart.

d.s.

Heilt til slutt ein liten quiz:  Under er eit mobilfoto av ein velkjend fjellrygg i skoddeheimen.  Kva heiter dette fjellet?

Div. fjell 027