På andre og siste dag av Bjørkedagar blei det arrangert topptur til Kårdalstindane 1490 moh. Klokka 10.00 var det start på Sellereitet på Leira, og det var 15 ivrige, små og store, turgåarar som la i veg mot Kårdalen i fyrste omgang. Kjentmann var Bjarte Sellereite, men det skulle vise seg at det var dottera hans, 6 ½ år gamle Inga Sellereite, som skulle ta kommandoen oppover granskogen mot Kårdalen. Ho la i veg i eit forrykande tempo og krutet såg ikkje ut til å ta slutt. Tett under kanten av Kårdalen blei det kommandert stopp frå høgare hald, og Inga og resten av gjengen tok ei velfortent matpause under upåklagelege forhold. Med lettskya himmel og rundt tjue varmegrader, var det duka for ein flott dag på fjellet, og med ei stadig betre utsikt...

Inga

 Inga Sellereite(t.h) viser veg.

Fint driv

 Bård Sellereite og bestemor Bjørg i fint driv oppover mot Kårdalen. Bak kjem Lindis Sellereite.

 Ei stund seinare var turfølget kome inn i Kårdalen og ruta gjekk no vidare opp ei dryg side med ur, før ein kjem inn på ein rygg og opp på topp-platået. Oppe i Kårdalen skilde gruppa lag og dei to yngste saman med mor og bestemor si, gjekk vidare inn mot Kårdalsvatnet. Resten byrja på den dryge ura.

Kjentmann viser veg

Bjarte Sellereite tok over som kjentmann. Her på veg opp ei dryg side.

Opp ryggen, rokke bak

Letta ein blikket opp frå skotuppane og ura fekk ein sjå større «steinar». Bak ser vi Rokkekjerringa 1543 moh.Blåbreen har fått fram nokre stygge sprekker.

 

Med Hornindalsrokken 1529 moh som ei pyramide i sør, Kvitegga 1717 moh i sør-aust og eit virvar av bre-sprengde tindar og eggjar i vest, var den første toppen (1470moh) innanfor rekkevidde. Det er dette som vert rekna for å vere hovudtoppen, fordi høgste topp på 1490 moh er berre ein brekul nokre hundre meter lenger syd-aust. På Topp 1470 blei det ein rast, samt utsetjing av ny bok pluss behaldar av galvanisert stål. Den førre boka var lang ifrå utskriven. Tvert i mot er det få som vitjar Kårdalstindane i følgje ho. Kanskje hadde det noko med at boka låg for godt gøymd inne i varden på toppen? Ikkje fortvil, no er ei ny bok koma så no er det berre å ta turen til Kårdalstindane...

 Ei sprek ei frå Oslo

Ei sprek jente frå Oslo nærmar seg toppen.

Mot topp

Panorama frå toppen.

 Toppen

Endeleg oppe.

 

Frå toppen
Frå toppen med sjølvutløysar. Bak den flotte gjengen med turgåarar anar vi Hjørundfjorden.

 

Frå Topp 1470 gjekk turen så vidare mot hovudtoppen på 1490 moh. Deretter var planen å følgje kanten mot Viddalsdalen vidare nedover mot Vår Herre's Skosyl og Årviktindane som fjellrekkja framme på kanten mot Hjørundfjorden blir kalla lokalt. Ut av dette får du ein flott rundtur.

Kvar gå så tur
Kvar går så turen vidare?

E og I
Mot hovudtoppen på 1490 moh.

 

Over 1470
På topp-platået mot 1490 moh.

 

Mot 1490, skårsal bak

Snart på hovudtoppen. Den kjende veggen til Skårasalen 1542 moh bak.

Ned mot

 

Frå hovudtoppen på 1490 moh gjekk turen vidare nedover mot Vår Herres Skosyl.

Frå lofoten

Anne Karin frå Lofoten saman med det ein bokstavelegtalt kan kalle ei kvass nål.

Vår herres
Vår Herre's Skosyl stod og venta på slitne fjellsko. Dessverre var vår nokre nummer for små.

Ut fjorden
Hjørundfjorden ligg der trygt og godt mellom fjella.

 

Nja

Hjørundfjorden og indre delar av fjorden sett frå Årvikstindane. Utsikta er ganske enkelt plukka frå øvste hylle.

New panorama 1
Fjorden vår.

 

Flott tind

Som om ikkje Hornindalsrokkjen er noko mindre skue!

 

Nedturen følgde same veg attende, berre at rundturen gjorde at vi kom attende der den dryge sida kom opp. Vel attende på Sellereite var alle samde om at det var ein gilde tur.

 

Tekst og foto: Håvard Myklebust