På Villane har kreativiteten rimeleg gode vilkår når det er sommarferie og ungane ikkje må halse av garde til skule og diverse aktivitetar.

 

I år har nokre bygd ferdig ei påbegynt hytte.

 

På Sæbø er det byggjeforbod i strandsona, men det er ikkje så enkelt her framme på Villane heller. Dyrka mark og hagar kvar vi snur oss.

 

Byggjearbeidet tok til for ei god stund sidan, men no i ferien hadde dei ikkje lenger tid til å vente på tomta og gjorde den ferdig inne på låven.

 

I det  fine veret vi hadde for nokre veker sidan fekk dei lyst til å prøve hytta og overnattingsløyve vart innhenta frå høgste hald.   

 

Soveposar og liggjeunderlag, puter og teikneseriar. Ein treng mykje når ein skal på ekspedisjon.

 

Pakket og klar

 

Kunsten å pakke lett…

Oppoverbakke

Ikkje heilt lett å kome seg fram, men her har visst nokon vore før dei...

Jaja, bra det, så vert det lettare å kome seg til topps.

Telt

Nesten framme og der står teltet til ein lisjebror som ”alltid” vil vere med…

Romvesen?

 

Her kjem ein ny ekspedisjonsmedlem. Eller er det ein ”alien”?

Hytte

Sjå her ja, bakom teltet. Dette var litt av ei hyttetomt. Midt oppå fonnvernet!

Inga sak når ein kan gjere seg nytte av kjende med traktor.

Gjest

 

Det kjem gjester. Det er så bratt at Bestemor (84) kjem krypande over kanten, men ho må sjå kor kjekt gutane har det.

Bratt

Bratt utfor på sidene også, så her må ein trø varsamt.

God plass

Her er god plass til mange utleigehytter...

Utsikt frå fonnvernet

Tre stolte gutar nyt utsikta frå kvilebenken dei har spikra fast på utsida av hytta.

Fra fonnvernet

 

Vakkert.

 

Fonnvernet juli 2008 030

Kveldsmat og litt snacks levert nesten på døra. Skal tru om han Monsen også får det når han er på tur? 

Mobildekning

Mobildekning er godt å ha.

 

I villmarka får ein oppdage dyrelivet, eller anna liv som rører på seg.

 

Maur?

 

To gutar oppdaga etter kvart at hytta var plassert midt i råsa til ein heil hær med maur. Då kom teltet godt med og han var ikkje så verst likevel denne lisjebroren som hadde god plass til alle tre.

 

Telt

 

Ikkje nok med det: Plutseleg skrapa ein kjempestor bjørn på teltduken deira, men det viste seg heldigvis berre å vere ei spøkefull lisjesyster.

Ekspedisjonen var vellukka, dei sov visst nokre timar, men på spørsmål om dei skal overnatte i hytta igjen i sommar får vi eit samstemt NEI til svar.