Fuglane fyk flittige forbi meg her eg sit på terrassen. Ein har tatt seg ei pause og sit i bjørka og syng. Kan hende kjeftar han på meg.

 

Spoven stikk det lange nebbet sitt ned i jorda etter noko å ete.

 

Eg har teke meg tid til å ete frukost ute i dag.

Stokkehornet

Elva durar nedom marka. På andre sida av elva går kalvane. Bjøllene deira kling rytmisk kvar gong dei bit i graset.

 

Humla susar. Ho har visst bol under stabburet.

Herleg temperatur.

 

Ein og annan bil køyrer forbi, men ikkje så fort.

 

Klar, blå himmel.

Skuggar

Sola lagar lange skuggar.

 

Kjem litt seint av garde i dag, med kroppen fylt av ei indre ro.