PICT0008 Correction

Her vi i full gang med merkinga, det skal vere godt for alle å sjå kar ein bør gå no!

PICT0009

Her er vi komne opp på skaret, vel halvegs til toppen, frå her er det flott utsikt og litt lettare terreng å gå i.

frå venstre: Anette(like frå Tyskland), Hilde, Haldis, Kanutte, Kari, Gunnar, Bente, Ann Helene, Marit, Jonny, Janneche.

PICT0010 Correction

Vi gjekk i samla flokk, og alle var smilande blide.

Skodda låg på tpooen når vi starta så vi var litt spente om den letta.

PICT0012

Jonny var stifinnar og kjentmann, og vi fylgde etter.

PICT0011 CorrectionPICT0013 Correction

Rett før siste kneika var føraren litt i tvil om kva veg han skulle velge, vi gjekk den til venstre opp, den var nok litt strabasiøs så vi anbefalar den mot høgre, der gjekk vi nedatt, mykje slakkare å gå.

PICT0015

Her er vi samle på toppen, no har vi fått opp ny bok men den gamle ligg der og er "historisk"

 

PICT0018

Skodda letta og vi kunne nyte den flotte utsikta.

I den gamle boka står Sæbønestuva også kalla Sæbøaksla.

PICT0016

Her kan de sjå litt av denne fantastiske utsikta som er her oppe.

Det er vel verdt turen for å sjå!

PICT0019

Til sist eit fellesbilde med sjølvutløysar, med olavshola og Hustadneset i bakgrunnen.

Haldis, Bodil, Anette, Ann Helene, Kanutte, Janneche, Bente, Kari, Jonny, Gunnar Marit og Hilde.

Neste tur vert Vasstøylen/Kvamsedalsreset.

Vel møtt!