Sist søndag bestemte eg meg for å ta ein liten trimtur, men det gjekk ikkje så rakst som eg hadde rekna med - fotoapparatet hadde eg nemleg lagt i sekken...

Flesteparten av fotoa under vart tekne på denne fjellturen på søndag.  Spørsmåla gjeld fuglar og blomar så det kan kanskje vere klokt å leite fram fjellfloraen og ei fuglebok

Klikk på fotoa og få dei i stor versjon

Spørsmål 1:  Kva heiter fuglen på dei tre fotoa under? 

IMGP5903 IMGP5895 kopi

(Tre foto og eitt fuglenamn - kor heng dette saman?)

IMGP5896 kopi

 

Spørsmål 2:  Kva heiter fuglen under?

IMGP5881 kopi

 

Spørsmål 3:  Kva heiter blomen under?

IMGP5885 kopi (Large) IMGP5886 (Large)

Det er altså snakk om den samne blomen( den kvite) på dei to fotoa.  På fotoet til høgre ser du blada best.

Spørsmål 4:  Kva heiter blomen under?

IMGP5888 kopi

 

Spørsmål 5:  Kva heiter blomen under?

IMGP5901 kopi

 

Spørsmål 6:  Kva heiter blomen under?

IMG_5496 (Large) IMG_5498 (Large)

Det er den kvite blomen som her gjeld.

Spørsmål 7:  Kva heiter blomen under?

IMG_5504 (Large)

Det skulle no bli sju spørsmål.  Den første som svarer rett på alle sju, får som nemnt hjorundfjord.no si t-skjorte.

Administratoren vår, Ivar Svein Mo, er f.t. i Tyskland.  Eg har ikkje spurt han om eg får lov til dette, men eg tek sjansen.  Det minkar sterkt i t-skjortelageret vårt, men vi skal nok framleis klare å finne fram til ein storleik som passar - om enn kanskje ikkje den finaste fargen.

Og korleis svarer du?  Du kan sjølvsagt legge att svara i ein kommentar under, men ynskjer du i første omgang å vere litt anonym og vil unngå at naboen kikar deg i korta, send svara til denne e-postadressa:

knut.hustad@tussa.com

Og eit lite tilleggsspørsmål til slutt (det gjeld ikkje i quizen) - kva heiter fjellområdet der flesteparten av fotoa er tatt (Sjå på fotoet under).  Det må nemnast at på toppen av dette fjellet har Sæbø IL si trimgruppe no sett opp ei svært flott og teneleg boks med ei bok i.  Dette har trimgruppa også gjort fleire andre stadar.  Flotte greier.

Luleå 003 IMGP5913 (Large)