Norway cup.

Vi tenkte vi skulle fortelle litt korleis de går her nede i olso på norway cup.

Laurdag reiste vi frå Sæbø klokka 8.45. Vi sette oss i ein glovarm minibuss og vendte nasa sørover.

Første stopp blei Sæbø ferga, der alle selfølgelig skulle ut av bussen.

Etter ferga var det lite som skjedde, men med 2 basshøgtalarar og nokon pc høgtalara, blei det fort stemning i bussen.

Andre stopp blei på Lom der vi åt nista vår, og gjekk på nokon butikkar for å sjå kva som var der.

I bussen var det rundt 30 grader heile veien, så nokon stopp måtte vi ha, så det siste stoppet før Oslo var i Lillehammer. Der gjekk nokon på McDonalds eller Statoil for å få seg noko mat og drikke, mens andre satt i skyggen og lata seg.

Når vi nærma oss Oslo blei det krangling i bussen; "kor skal vi kjøre?" Men etter ein del krangling og feil kjøringar, fann vi fram til Ekebergsletta. Der kjørte vi i kø i 15 min, og det var glo varmt i bussen. Vi hadde selfølgelig musikken på fult, for at folk skulle merke at vi kom.

Når vi endelig hadde fått parkert, gjekk alle ut av bussen. I mens Elisabeth og Mari Anne gjekk for å hente A-kort til oss, satt vi i skyggen og såg på alle jentene som var der.

Når vi hadde fått A-Korta, gjekk vi for å få i oss litt mat. Heldigvis var det fortsatt middag servering i Ekeberg-Hallen.

Etter vi hadde fått i oss middagen, gjekk vi tilbake til bussen. Vi måtte opp til skulen, der vi skulle sove. Vi fann rommet vårt, og vi henta ut all bagasjen frå bussen, også pakka vi ut. Så gjekk nokon av gutane for å kjøpe kebab, vi fann ei "kebab-sjappe" Og dei fleste kjøpte seg ein stor og saftig kebab. Etter at vi hadde ete opp, gjekk vi tilbake til skulen og la oss til å sove.

Søndagsmorgen stod vi opp klokka hal 9, jentene skulle spele kamp klokka 11.40. Dei rundspelte motstandarane og vann 4-0.

Så gjekk vi for å ete lunsj, lunsjen var brødmat. Etter lunsj fekk vi ca 1 time fri, før oppvarming. Klokka 2 skulle vi gutane spele kamp, vi vann kampen 4-2. Sjøl om dommeren trudde stillinga var 3-3, men det andre laget var ærlige og sa at vi vann 4-2.

Etter kampen hadde vi litt fri, og vi åt middag. Klokka 19.10 var det ny kamp for oss gutane, vi skulle spele mot eit russisk lag. Uheldig vis fekk vi ein dårlig dommar (Nei, vi er ikkje dårlige taparar !) Han var dårlig ! Uheldigvis kom Mikkel i ei hard takling med ein russer, og han blei liggande nede. Dommaren stoppa ikkje kampen ! Russerane fortsatte og spele sjølv om mikkel låg hylande på midt bana ! Til slutt vart det for mykje for Emile, han sprang inn på bana og kjefta på dommaren før han sjekke korleis det gjekk med Mikkel. Dommaren blei forbanna og han stod berre å brølte: "Go away !"

Vi stoppa kampen, og sa vi ikkje ville spele meir, med det var ikkje dommaren fornøgd med. ALLE spelerane våra måtte av bana, men mikkel låg jo nede. Så i mens ambulanse personalet roa ned Mikkel og hadde han på ei båre, stod dommaren og trippa og venta på at vi skulle komme oss av bana.

Mikkel blei frakta i ambulansa til feltsjukehuset her på Ekeberg. Seinare fekk vi ein telefon, der vi fekk vite at nokon måtte komme og frakte Mikkel frå Feltsjukehuset til legekontoret. Og no når eg sitt her og skriv dette (klokka 00.30) har vi enda ikkje fått vite noko om kva som har skjedd med Mikkel.