Mykje av våren gjekk med til å å få rørgate og grunnmur på plass.  I går vart sjølve kraftverkhytta plassert på grunnmuren  - hytta der det tekniske utstyret skal vere.  Denne hytta vart i vinter bygd inne i verkstaden/reiskapshuset på gardsbruket til Håvard

IMGP6138 (Large)

Hytta som skal hyse det tekniske utstyret kom i går på plass.

Til å bygge hytta har Håvard fått hjelp av far og snikkar Ole Arne Aklestad, men i går var det tydeleg å sjå at det var Håvard  som følte ansvaret mest med å få hytta på plass på grunnmuren - det var Håvard som absolutt sveitta mest.  Men for den som måtte lure, hytta passa perfekt til grunnmuren.

IMGP6142 (Large)

Håvard(t.h.) var glad då hytta til krafverket kom på plass.

Det var mens Håvard gjekk på skule i Førde for tre-fire år sidan at han fekk ideen til dette mikro-kraftverket.  Dei naudsynte søknadane vart sendt inn og etter kvart gav NVE og Ørsta kommune  løyve til at  kraftverket - mikrokraftverket - kunne byggjast.  I januar starta Håvard med å bygge krafverkshytta, våren vart som nemnt brukt til å grave ned rørgate og å få grunnmur på plass og i går vart hytta plassert på grunnmuren ved hjelp av lastebil og kran frå  Bøstrand Transport i Ørsta.  I løpet av hausten reknar Håvard med at det tekniske utstyret også er på plass og han kan då starte med å produsere fornybar el-kraft.

Turbinen som skal monterast er på 11 kw og dersom teorien stemmer, opplyser Håvard,  kan det  produserast 100.000 kw-timar straum i løpet av eit år.  Han skal først og fremst bruke straumen  sjølv, men han er kopla til straumnettet slik at han kan levere overskotskraft ut på kraftmarknaden - og evt. kjøpe når det er trong for det.

Håvard seier vidare at han reknar med at kraftverket skal vere nedbetalt i løpet av 4 - 5 år og håpet er sjølvsagt at etter den tid kan han starte med å tene på investeringa si.

Det er enno ikkje mange mikrokraftverk i drift i Hjørundfjorden, men Terje Kalvatn framme på Tvergrova var nok den første som bygde slikt kraftverk i Bondalen, fortel Håvard til slutt.

Heilt til slutt må det nemnast at krafverket ligg nede under Aklestadbakkane.  Det ligg like ved riksveg 655 ca. 3,5 km frå Sæbø i retning Ørsta.  Krafverket vert liggande på Håvard sitt eige gardsbruk på Aklestad.