Det er ikkje alle som kan skilte med nyoppussa toalett!

På reis i sommar melde det seg bohov for pause og toalettbesøk. Eit stykke oppe i Gudbrandsdalen fann vi endeleg ein rasteplass med toalett!

Saman med informasjonstavla "Velkommen til Nord-Fron" var der altså eit toalett. Ikkje akkurat på høgde med Sæbø-varianten, sjølv langs E-6.

Nord-Fron

Endeleg eit toalett ved E-6!

Det var då til og med skråplan som letta tilkomsten. Men innvendig sto det ikkje så bra til:

Herretoalettet 154

Seteringen på golvet og papirlaust på herretoalettet!

Mellom herre- og dametoalettet hadde ein/ei med drill funne ut at det var behov for tittehol. 1 1/2 toms bor hadde gjort nytte for seg:

Kikhol

Hol tvers gjennom veggen..

Men på dametoalettet /HC-toalettet måtte det vel vere betre? Men nei du, skam over den som inviterer og ønskjer velkomen til slikt:

Dametoalettet

Kikholet t.v., toalettpapirhaldaren m/hengelås må vere patentert og vask fanst sjølvsagt ikkje.

Ei bil frå Tsjekkia stansa utanfor og passasjerane hadde eit tydeleg ærend, men dei snudde då dei såg inn på toalettet.  Eg kunne ikkje la vere å nemne at dette dessverre var norsk kvalitet.. Men eg skulle sjølvsagt ha nemnt at slik ser det ikkje ut i Hjørundfjord.

Det er svinaktig freistande å ta fram ein parallell frå same reisa, men i eit anna land. Ved hovudvegane ser du ofte slike toalett for dei som treng ein pause:

Vegtoalett

Huset t.h. har tre toalett.

Ein titt inn på HC-toalettet fortel om ein annan standard enn det velstandslandet vårt kan vise fram, j.f. Nord-Fron:

HC-toalettet

Velkomen her!

Kva så med reinhaldet? Ein liten raud bil sto parkert utanfor.. Etter eg hadde teke mine bilete, spratt sjåføren ut av bilen, bar ut av bilen bøtter og kostar og skulle til å gjere reint!

Reingjeringsmannen

Så var det reingjering..

Mannen var pensjonist, han brukte sin private bil til å flytte seg mellom dei toaletta han hadde ansvar for, ca. 5-6 mil mellom kvart. Det var reinhald kvar dag og slik måtte det vere, skulle det sjå presentabelt ut!!!

Det er når  eg ser og høyrer slikt, eg vert frista til å tenkje litt over kva vi tilbyr våre gjester på korte eller lengre besøk her til lands. Dømet frå Gudbrandsdalen lyser av arroganse og total mangel på vanleg folkeskikk.

Slik vil vi ikkje ha det i Hjørundfjorden. Derfor er det fint å kunne gratulere Sæbø med nyoppussa toalett. Ved Øye-kaia i Norangdal finst eit anna prakteksemplar og det er heller ikkje grunn til å skjemmast over toalettet på Leknes-kaia!