Eg trur det er tid for å gjere merksam på at dei utanlandske og ynskte fisketuristane kan ta med seg 15 kg filet pr. person. Det tilsvarar nær det 3-doble fersk fisk.Reglar vedteke av regjeringa og som er landsomfattande.

Det er vorte sagt meg frå påliteleg hald ( eigne røynsler og) at denne grensa brytast i Hjørundfjorden. Og til dei grade!

Når ein samstundes veit at garn, line og teiner ofte vert stilt til rådvelde frå turistvertane, er det på tide å slå alarm. Utlendingar som vitjar oss kan berre fiske med handsnøre. Slik er reglane. Ståande reiskap som garn, line og teiner er forbehalde norske statsborgarar.

Utleige-vert har ansvaret har ansvar for å klargjere reglane for dei som dei leiger ut til. Dette er viktig vert oppretthalde. Ei ynskt og aukande tilstrøyming av fisketuristar gjer at reglane MÅ haldast! Om ikkje misser vi troverdigheit i vår satsing på bl.a fisketurisme.

Eg kjem til å vere særs merksam på dette frametter.....

 

P.S  Kvota på 15 kg filet gjeld ikkje villaks. Her er det inga øvre kvote. Ein "apropos quiz" må då vere. KVIFOR?