Mange ville vere med då vi bestemte oss for å ta turen inn på Rognestøylen. Somme gledde seg til eit gjensyn på gamle trakter, medan andre var der for fyrste gong. Vi kom oss avgarde allereide klokka 10.00, slik at vi fekk ha heile dagen på støylen. 13 pensjonærar og 3 tilsette var med.

På parkeringsplassen rigga vi oss til med stolar. Sola steikte godt, og vi måtte fram med solkrem og solhattar. Nokre paraplyar kom også til nytte, dei synte seg å vere ypparlege som parasollar...Ein deilig bris sytte for at temperaturen vart til å leve med.

IMG_0121

Frå venstre på bildet over ser vi: Petra, Borghild, Bertha, Liv, Anna og Elsie.

Dei som ville og greidde det fekk rusle seg ein tur bort på setrevollen og sjå seg om der. Somme sette seg ned og mimra  litt om gamle dagar.

IMG_0130

Frå venstre: Bertha, Borghild, Oddfrid, Elsie, Ann-Helene og Anna.

Litt song vart det også, og vi synest at dette verset frå Bondalssongen høver godt å ta med:

 

Du Rognestøyl er ven ein sumarkveld 

når kveldssol raud i fjella dine skjelv

i grøne lier høyrest bjøllelåt

og utpå vatnet ror ein liten båt.

 

Vi hadde med oss grillmat, og det vart servert både pølser og hamburgerar, og som vanleg smaka maten ekstra godt på fjellet.

IMG_0134

Karl og Kirsten kosar seg med maten.

 

IMG_0129

Liv kosar seg i sola, her har eg vore før sa ho.

 

IMG_0133

Karl synest det var kjekt med ein tur på støylen.

 

Alle som var med hadde det kjekt, og ville gjerne på tur igjen snart.