Før helga foregjekk ein debatt på Sunnmørsposten si internett-hjemmeside i kjølevatnet av artikkelen "Død fisk under Fjordlaks sitt innlegg..."

Eg tok sjølvsagt del og gav uttrykk for mine synspunkt saman med fleire andre.  Min skepsis og indignasjon over oppdrettsaktiviteten i fjordane våre med dei miljøkonsekvensane ein ser dagleg kome fram i ljoset, kom klart fram.... Eg oppmoda bl.a alle miljø og villaksinteresser i Storfjordsystemet om å gå saman om å arbeide for å få fjordane inn i den opprinnelege ordninga "nasjonale laksefjordar" med Bondalselva og Strandaelva som nasjonale laksevassdrag. Foreslegje av Direktoratet for Naturforvaltning. Eg opptrådde med fullt namn og adresse i motsetnad til dei andre.

Avdi kommentarane søndag morgon alle var vekke, kontakta eg Sunnmørsposten for å vite grunnen. Eg vart då fortalt at årsaka var ein anonym trussel mot meg som bl.a lydde: "VI SKAL BANKE PÅ DI DØR!"

P.S  Eg har forøvrig også tidlegare motteke verbal trussel i samband med mitt engasjement for villaks og kamp mot oppdrett i Hjørundfjorden. Like lite som eg brydde  meg om denne, bryr eg meg om denne siste. Stikk ein haudet fram mot ein motstandar av dette kaliber, må ein vel finne seg i det.........