Dei lovar mange godbitar, som ski frå 1920, bilete av det første A-laget i fotball på Sæbø og den gjevaste pokalen Sæbø IL har teke, på Norway Cup i fjor, der det vart tredjeplass til jentelaget.


- Likevel er kanskje det aller gjevaste at vi har fått lov å stille ut medaljar og pokalar som idrettsutøvarar frå Hjørundfjorden har teke i noregsmeisterskap. Det er rett nok medlajar som er vunne når dei har representert andre klubbar enn Sæbø IL, men det er her dei er flaske opp, seier Riise Olsen.


På utstillinga vert nemleg NM-gullet og sigerspokalen Katrhine Nydahl vann då ho vart noregsmeister i fotball med Røa i 2004. Katrhine frå Trandal spelte på Sæbø sine gutelag i fotball før ho gjekk over i dameklassa, og spelte på Ørsta, Fortuna, Team Strømmen og Røa mellom anna.


Like eins vert Monica Hjellen sitt NM-gull i slalåm for juniorar stilt ut. Monica frå Sæbø representerte Åmdal IL då ho vann slalåm-gull midt på 1990-talet.


- Det vert ei rik bileteutstilling. Vi har bilete som fortel om anleggsutbyggingane til Sæbø IL, bilete som viser utviklinga av handballsporten dei siste tjuefem åra, og ikkje minst bilete frå fotballsoga til Sæbø IL. Vi har mellom anna eit blinkskot frå 1950-talet då ein av Sæbø sine legender, Alfred Sæbønes, skårar mål, fortel Riise Olsen.


Det som har vore vanskelegast å finne tak i, er fotballutstyr. – Gamalt utstyr har nok vorte kasta, men er det nokon som har nokre Viking Proff-sko eller gamle drakter, tek vi i mot med takk. Vi lovar å gje plass til dei på utstillinga, seier Riise Olsen.

Bilde
Yngve Frøland (t.v.), Aleksander Riise Olsen, Anne Mone Strandmann og Eldbjørg Tvergrov i arrangementsnemnda for Hjørundfjorddagane lovar ei rik jubileumsutstilling under Hjørundfjorddagane.