Arrangørane Sæbø IL ynskjer sterkt at også folket i Storfjorden skal oppleve stemninga på Sæbø ein laurdag kveld i fint ver under Hjørundfjorddagane.

Difor vert det bår frå Bjørke til Sæbø kl 21.30 laurdag kveld, med retur kl. 02.15. Då kan folk få med seg fotball og musikk i teltet på stemneplassen, og dessutan livet på Sagafjord Hotell. 

Returen går også via Leknes dersom det er plass til folk dit. Prisen er hundre kroner per person kvar veg.