Sindre og Geggen har spelt saman berre eit halvår, men kvar for seg har dei ei lang fartstid i musikkmiljøet på Sunnmøre. Dei har spelt i band, og vore trubadurar kvar for seg og saman med andre. Dei gler seg til å kome på Hjørundfjorddagane.

- Aller kjekkast synest vi det er når vi får folk til å syngje med, og få skape ei skikkeleg god stemning, fortel karane.

Sindre vedgår at han aldri har vore på Sæbø tidlegare, men kan ikkje snakke for Geggen.

- Så det er på tide!

Viss alt går etter planen, startar duoen å spele etter at EM-kampen med Portugal og Ronaldo er ferdig. Her arbeider arrangørane intenst med å få dei nye kanalane opp og gå.

Det vert båtskyss til og frå Bjørke til underhaldninga laurdag kveld. Båten går frå Bjrøke kl 21.30 med retur 02.15. Prisen er hundre kroner kvar veg. På heimturen kan det verte stopp på Leknes om det er plass.

Det er også sett opp buss til Ørsta. Bussen går kl. 02.00.