Utstillinga er ein del av den Nynorske festspelveka og har fått tittelen: "Fram på vetteren stundom han tenkte"

Kunstnaren presentere i hovudsak, denne gongen, måleri frå område rundt Middelhavet.Måleria er frå Italia, Tyrkia, og Malta. I tillegg har han også stilt ut nokre sunnmørske motiv.For å få den rette stemninga hadde arrangør hyra inn Tyrkisk Meti Metin, som spelte musikk frå heimlandet.

Taklo opna utstillinga ved å rose kunstnaren, ja, Sigmund var hans inspirator og han hadde i sin spede begynnelse gått på målarkurs med Sigmund i 70 åra. Taklo peika på at Årseth har reist ut som kunstnar. Han har utstillingar i Noreg, ja, og han har synt fram bileta sine fleire stadar i utlandet.
-At Årseth har hatt utstillingar i nitten statar i USA er imponerande, sa Taklo.

 

Nils Taklo opna utstillinga 20080622_2698

Taklo overrekker blomar til Sigmund Årseth og ynskjer lukke til.

Det er no rundt 30 år sidan sist Årseth hadde utstilling i Ørsta, og det er ein kunstnar som har hatt ei imponerande utvikling desse åra sidan sist. I alt stiller kunstnaren ut 42 måleri som det er høve å kjøpe.

Hjørundfjordportalen viser her fram bileter frå opninga sist søndag:

20080622_2705 20080622_2708 20080622_2718
Sigmund Årseth fortel om sine måleri Måleri frå Malta Gondolar frå Venezia

20080622_2711

20080622_2713 20080622_2714
20080622_2720 20080622_2722

Mange tok turen20080622

Mange hadde teke turen til opninga på søndag.