Det er Sæbø grendelag som har teke iniativet til kunstauksjonen, og inntektene skal gå til opparbeiding av friluftsområdet på Kapteinskvia.

Sigmund Aarseth, Arvid Urkegjerde, Nils Taklo og Sverre Rønning har donert kvart sitt måleri til auksjonen. I tillegg har Sverre Magnus Myrtveit bidrege med eit måla produkt.

Aldri tidlegare har kunstnarar i og frå Hjørundfjorden medverka samla så sterkt til realisering av ei god sak, og initiativtakar Hilde Muren i Sæbø grendelag er svært glad.

- Eg håper folk vil by på kunstverka, slik at Kapteinsvia friluftsområde vert ein realitet, seier Muren.