I går oppfordra trenar Emile van Emden publikum til å møte opp på Sæbø stadion for å heie fram Sæbø G 14-laget som i dag skulle spele mot Gjersvika.  Mange tok denne oppfordringa til fylgje og fekk sjå ein god og underhaldande fotballkamp.

Allereie etter få minutt leia Sæbø kampen 2-0 og spelarane fekk dermed roa nervane både til seg sjølve og ikkje minst publikum.  Sjølv om spelarane på Gjersvika etter kvart kom meir med i kampen, leia Sæbø 6 - 2 ved pause.

IMGP5397 (Large)

God stemning i pausen.  Trenarane Emil (van Emden) og Trond (Holen) kom med godord til spelarane. 

Etter pause er det vel rett å seie at Sæbø vart tatt litt på senga av eit offensivt Gjersvika-lag.  Etter kort tid hadde Gjersvika redusert Sæbø si leiing frå 6-2 til 6-4. At stillinga ei stund ikkje var 6-6, kan Sæbø takke keeper Gaute Holen for.  Han hadde fleire gode redningar - spesielt i starten av 2. omgang. 

Men så skjerpa Sæbø seg på nytt og kunne som nemnt gå av bana med ein 10-5 siger til slutt.

Det var Sæbø sin Bjørnar Holen som scora flest mål på Sæbø.  Han fekk heile fem ballar i nota.  I første omgang hadde Bjørnar t.d. eit kjempeskot som fauk inn i mål oppe i venstre  krysset.  Elles scora Jonas Jelti eitt mål, Kjetil Rekkedal to, Elen Holen eitt og Jakob Hustad eitt.

Jakob viste også at det ikkje berre er i EM at dei greier å skyte over mål nærast frå målstreken, men han fekk retta opp at denne bomen med eit fint skot som gjekk i stanga og inn. 

IMGP5388 (Large)

Bjørnar Holen greidde å lure Gjersvika-keeperen heile fem gonger sjølv om denne keeperen absolutt spelte ein god kamp 

IMGP5386 (Large) IMGP5392 (Large)

På foto til venstre ser vi Kjetil Rekkedal (lengst borte) som akkurat har skote ballen i mål.  På fotoet til høgre er det Jakob Hustad som fyrer av.  Dette skotet til Jakob gjekk i mål via eine målstonga.
 

IMGP5400 (Large)IMGP5404 (Large)

Elen Holen (i raudt) på foto til venstre, spelte ein god kamp og scora også eitt mål.  På foto til høgre ser  vi Emilie Ville fyre laust i 2. omgang. 

Dommar var som vanleg - på Sæbø G 14 sine heimekampar - Dagfinn Strand. Han leidde kampen på ein god måte og dermed vart det også lite kjeftbruk på bana mellom spelarane.

Som ein kuriositet må det også nemnast at Sæbø ein periode hadde berre jenter som utespelarar.  Og om nokon skulle tvile - dei fire jentene greidde seg svært godt.

IMGP5407 (Large) IMGP5405 (Large)

To sentrale menn på Sæbø stadion tirsdag kveld.  Dommar Dagfinn (Daffa) Strand til venstre og Sæbø sin trenar Emile van Emden til  høgre.

IMGP5396 (Large)

Sæbø sitt ekspertpanel.  Frå venstre:  Magnar Aklestad, Ola Sæbønes, Ole Johan Riise og Svein Jon Holen. 

I dag tapte Vartdal sin kamp og dermed gjekk Sæbø forbi dette laget på tabellen og kan ta ferie på ein fin fjerdeplass.