"Det var i klatremiljøet det hele startet".  Denne setninga knabba eg på slakkline.no og vil du starte med å gå på slakk line, kjem du ikkje unna denne nettstaden.  I løpet av heller kort tid har dette blitt ein kjempepopulær sport og tek du deg ein fur t.d. i Frognerparken i Oslo i sommar, ser du sikkert ein eller fleire som har spent opp ei slakk line mellom eit par tre.

Men vi treng slett ikkje reise til Oslo for å sjå folk gå på slakk line.  Her i Hjørundfjorden og Bondalen har vi tre herremenn som  nærast alltid har ei slakk line på baklomma og spenner den opp kvar som helst.  Dei tre heiter Vegard (Riise) Mats (Riise) og Yngve (Frøland).  Rykta går alleire om at dei har trenkt å spenne opp ei line - og ikkje minst gå på den - over ope hav.  Følg med på hjorundfjord.no.

I går, på sjølvaste jonsokaftan, hadde Vegard og Mats spent opp ei 15 meter lang slakkline mellom to solide tre framom Sæbø skule.  Om dei to greidde å gå over den?  Slike uhøflege spørsmål svarar dei knapt på - det skal meir enn regn og vindkast opp i stiv kuling for å få desse karane ned av lina.

IMGP5500 (Large)  IMGP5502 (Large)

Her har Vegard full kontroll, men fotografen slit litt med regn på linsa og litt nervøsitet...

IMGP5504 (Large)

... Ville Vegard dette ned her?  Nei, Vegard heldt seg på lina.  Som vi ser, er det ikkje snakk om å bruke klatresko her sjølv om sporten Slakkline visstnok starta opp i klatremiljøet.

Så er det Mats sin tur.

IMGP5506 (Large) IMGP5509 (Large)

Først djup konsentrasjon.  Så er han i farta.

Men Mats går ikkje berre over, han snur og går tilbake også.

IMGP5514 (Large) IMGP5516 (Large)

På foto til høgre ser vi her at lina ikkje er særleg brei, men den er litt elastisk.

Regn og vind er vel ikkje ideelle slakkline-forhold, men Vegard tok utfordringa etter at Mats hadde gått både fram og tilbake.

IMGP5520 (Large) IMGP5522 (Large)

Dette går no fint...

IMGP5523 (Large) IMGP5526 (Large)

...Ops, ei vindkule, men Vegard parerer.

Og så står det berre att å sjekke om to personar kan gå på ei line - samstundes.

IMGP5532 (Large)

Korleis dette gjekk, kan berre hjorundfjord.no sine brukarar lure på.

Og så står det berre att å sjå om slakkline-gåing er eit godt sjekketriks...