Eg hadde nesten gløymt at det var Hjørundfjorddagar i år eg, hadde det ikkje vore for at John Arne På Bellingen spurde meg om kom heimatt til Hjørundfjordagane...Då slo det meg at eg er innom portalen mange gonger for dagen, men eg har visst ikkje fått med meg at det er dei årlige dagane i år! For Hjørundfjorddagane er no dagar som skal gi bygda identitet, slik som dei aller fleste plassar har. Her i Gausdal har vi f.eks "Gausdaldågån", uten at dei kan samanliknast med Hjørundfjordagane..

EIN PRESSEANSVARLEG - ELLER EIN IVRIG FOTOGRAF?
MEN det eg vil fram til med mitt skriftlege hjartesukk er: Kan ikkje neste års nemd setje inn ei PR-mann/kvinne til dagane? Med det meiner eg at ein eller annen har ansvaret for å ta bilder, legge til tekst, drive PR for dagane i forkant på portalen? Kanskje kjøpe annonse plass på portalen? Det med å legge ut bilder gjeld også for 17.mai arrangementet. Det må vere nokon som er ansvalig for at det skjer - for eg trur at det ofte er slik at det "er sikkert nokon andre som gjer det..." - og plutselig så var det ingen som gjorde det...

DEN MODERNE HISTORIEBOKA 
Portalen er for meg bygdeutvikling og ei nymoderne historiebok. Portalen har blitt det den har blitt fordi bygda har stått bak den og det håper eg fortsatt at den blir. Men stoff frå slike større arrangement må formaliserast (i tillegg til meir "uoffisielle" portalbidrag - ALLE må gjerne skrive, men EIN må ta ansvaret for at det er minst ein artikkel i etterkant).

Bilder er ein god måte å fortelle ei historie på. Ein treng ikkje så mykje tekst når ein har bileter. Eg håper ikkje at dette blir tatt ille opp, fordi eg veit at dei som sitt i komiteane gjer ein flott jobb, men no er også portalen ein del av bygda, så utfordringa er gitt! Helsing meg som ikkje bor i bygda men som liker å delta på det som skjer likevel - på nettet!

Bilda mine er frå 2006 : ) ..som eg ikkje fikk til å laste opp i dette øyeblikk..Ingressbildet er tatt av ein ivrig ungdomsfotograf som fikk låne fotoapparatet mitt ei lita stund, Lisabel Hustad Øvrelid - og motivet kjenner de vel kanskje att?