Trass i regnveret vart det gjort ein heil del dugnadsarbeid i Sæbø sentrum og på Kapteinkvia laurdag. Vi sette ut bord og planta i dei to siste "urnene" i sentrum, reinska vekk ugraset langs murane, og fekk slått graset på Kapteinkvia. Godt jobba, folkens!

Regnet berre auka på, og det vart til at vi sette att ein del arbeid til ein kveld med opphaldsvêr. I følge yr.no er det ein sjanse no på onsdag.

Vi satsar på å få unna siste resten onsdag 25.juni kl 18. Vel møtt!

Sæbø Grendelag