Superjentene

G16-laget til Sæbø/Åmdal tok bronse i Norway Cup i fjor. Det gjorde mange av oss stolte. Gjer det jentene så stolte og positive av og til klubben at dei vil busetje seg her?

 

I samband med den vesle debatten om Sæbø IL og satsing på jente- og damefotball, synest eg det er passande å kome med denne artikkelen om kor viktig satsing på jenter og kvinner i idretten er.


Det beste dømet er HaNo FK. Dette er ein fotballklubb som er eit resultat av ei samansllåing av fotballaga i Haramsøy IL og Nordøy IL i Haram kommune.


Denne fotbalklubben har eit befolkningsgrunnlag noko større enn Sæbø IL, men ikkje så veldig mykje. Likevel er klubben ein av dei store på damesida i Sunnmøre Fotballkrets, og har resultat som også vekkjer interesse utanfor fotballen.


Resultatet er nemleg at unge kvinner vel å busetje seg på ei av øyane HaNo soknar til, medan andre vel å flytte tilbake etter at dei har vore ute for å skaffe seg utdanning ei stund. Mannfolka vert med på lasset...NRK Dagsrevyen har hatt innslag om fenomenet.


Kva har så HaNo FK gjort. For det første vart det i klubben vedteke ei reell likestilling mellom herrefotballen og damefotballen. Altså at det skulle satsast like mykje på begge deler. Det galdt både økonomi og ikkje minst trenarressursar.


Det resulterte i sportsleg suksess for jente- og damefotballen, og då for fleire suksesskriterium. Klubben greidde å rekuttere mange jenter til å spele fotball, og fråfallet vart mindre enn i andre klubbar. Vidare vart det også gode sportslege resultatet, med eit damelag som framleis er mellom dei beste på Sunnmøre.


I damefotballen har det vore vanskeleg å etablere stabile seniorlag på Sunnmøre. Det er få klubbar som har ei lang soge med ellevarlag. HaNo er mellom desse.

jentejubel

Jubel over avansement i Norway Cup i fjor. Trenar er Emile van Embden, og eit døme på at satsing på gode trenarar også på jentesida er viktig.


Då høyrer det med til historia at mange av damelaga har vorte etablert på menn sine premiss. I mi tid i Sunnmøre Fotbalkrets var eg med på å få inn mange signal på at sjuarfotball er mykje meir akseptert i damefotballen enn herrefotballen. I nokre klubbar og miljø ynskjer ein ikkje dei same prestasjonskrava som i herrefotballen. Det å spele fotball og ha det gøy saman er ein verdi i seg sjølv, og resultat og tabellar er ikkje så viktig.
Men i nokre miljø, som i Volda, HaNo, Hødd og Fortuna (Ålesund) ynskjer ein ein prestasjonskultur også på damesida, men det er då viktig å ta med at damene sjølve har vore med å leggje opplegga, og vil prestere på sine premiss.


Uansett, det er aktiviteten som er viktig, og så får det vere opp til klubben og idrettslaget å definere kva som er det viktigaste målet: Flest mogleg sigrar og ei høg tabellplassering, eller gode og kontinuerlege tilbod for flest mogleg. Det eine treng ikkje å vere i konflikt med det andre.


Kva så med Sæbø IL? Jentefotballen er i frammarsj. På portalen ar det tidlegare som rett er vore påpeikt at barnegrunnlaget i einskilde klasser er så lite at det vert spelt miksa lag. Det positive her, er at dette er fullt ut akseptert også av gutane.


Men der det er mulegheit, bør det vere reine jentelag og reine gutelag. Ikkje fordi det å skilje laga er eit mål i seg sjølv, men fordi all erfaring viser at der det er reine jentelag, vert fleire jenter med. Det er ein gong slik at mange jenter ikkje synest noko om å vere i same gruppe som kanskje litt meir brautande gutar.


På seniorsida samarbeider Sæbø med Åmdal og Ørsta om eit sjuarlag. Til samanlining har Ha/No både eit ellevarlag og eit sjuarlag på damesida. Er det å håpe at Sæbø kan greie det same innan damefotballen – i alle fall eit eige sjuarlag?


Under Hjørundfjorddagane peika både Reidar Vågnes og Gunnar Ellingsen på det sosiale arbeidet Sæbø IL gjer. Arbeidet som vart lagt ned for å skape gode treningsmiljø gjev born og unge ei tilknyting til fjorden og idrettslaget. Kall det gjerne identitet.


I Sæbø IL er ein sterke på handballsida. I tjuefem år har handballgruppa sitt arbeid gjeve jentene i fjorden ein sterk identitet. No har også gutar byrja å spele handball. Det er veldig flott. Det er nok av tid og rom til at gutrar og jenter i Hjørundfjorden både kan spele handball og fotball. Der sesongane kryssar kvarandre, om våren og hausten, handlar det berre om å snakke saman.


Difor er det viktig at ein også i framtida sluttar opp om det gode arbeidet Sæbø IL gjer for born og unge, både på jente- og gutesida. Dette vil gje resultat, også utover idretten.
Ja, faktisk busetjing!