Kjell Idar Saure, er du nøgd med måleriutstillinga di under Hjørundfjorddagane no i helga?

- Ja, absolutt.  Dette gjekk over all forventning.  Under dei to dagane utstillinga var open, føler eg at der var folk heile tida.  Eg er svært takksam for all ros og positiv respons eg fekk.

Og du fekk selt måleri også?

- Javisst, eg selde 10 måleri - også det var meir enn forventa.

IMGP5258 (Large)

Utan tvil egga på eit fjell, men også ei livsegg

Eg får vel lov til å hevde at du let deg inspirerer av fjell og tindar, men tek du med lerret og penslar ut når du skal måle?

- Ja, du skal få lov til å hevde at eg let meg inspirerer av fjell og tindar, men eg er ikkje så konkret. Fjella og tindane - og ikkje minst fjelleggane - er oppe i hovudet mitt.  Inspirasjonen til måleriet kan eg ha fått langt tilbake i tid, gjerne på ein tur eg har gått for mange år tilbake.  Eg tenkjer med andre ord helst ikkje på ein konkret tur, eit konkret fjell, når eg målar.

Men eg vil tru at eg ikkje berre målar ei fjellegg, eg målar også livsegga.  Ei egg, ei livsegg, kan vere bratt, men gå rett oppover.  Andre gonger kan denne egga vere mindre bratt, men krokut og vanskeleg å gå.  Faren for å dette ned, er der vel også...

IMGP5251 (Large)

Mange kjende att "sine" fjell.  Har kunstnaren her late seg inspirere av Saudehornet, eller kanskje Rånaplatået?  Frå venste Tore  Stokke, Ove Hindenes og Kjell Idar Saure.

IMGP5256 (Large)IMGP5253 (Large)

Olav Klokk(t.v.) likar det han ser.  Det må nok verte eit måleri snart...

IMGP5277 (Large)

Ove Hindenes likte også Kjell Idar Saure si utstilling.  Seinare på dagen var det vel denne Herren som fekk tilslaget på Sigmund Årseth sitt måleri under kunstauksjonen.

Kjell Idar Saure har eiga heimeside, klikk her.  Desse få fotoa yter slett ikkje måleria den rettferd dei fortener, så klikk deg inn på galleriet til kunstnaren.  Kjell Idar bur i Åmdalen i Ørsta og har slett ikkje noko imot at du tek kontakt om du ynskjer å kjøpe eit måleri.  Ja, kunstnaren låner gjerne også ut måleri til "prøvehenging" i heimen.