- Nei, eg hadde ingen planar om å selje meg ut av Hotell Union Øye AS, seier Johan B. Øye.  Han eig i dag 21 % av aksjane i dette vidgjetne hotellet på Øye i Norangsdalen.

bryllupcd1 143 (Large)

Hotell Union Øye AS på Øye i Norangsdalen

Til hjorundfjord.no seier Johan B. Øye at årsaka til salet av hotellet er at den største eigaren, Per Ola Ratvik, ynskte å selje seg ut no.  Dermed var det ingen annan utveg enn å selje seg ut også for dei to lokale medeigarane Idar Nordang og altså Johan B Øye.

Øye legg heller ikkje skjul på at det er spesielt vemodig å selje seg ut no fordi det er dotter hans, Mariann Øye (22) som driv hotellet dette året og skal gjere det fram til 1. august 2009.  Mariann Øye tok nyleg ei batchelorgrad ved  Hotellfagskulen i Oslo.

Det er Flakk Gruppen i Ålesund der Knut Flakk er eineaksjonær, som skal kjøpe hotellet.  Johan B. Øye kjenner til at det er planar om at hotellet skal byggast på.  VG hevdar at gamle teikningar er henta fram og dei syner at hotellet ikkje vart bygd så stort som dei originale teikningane syner.  I fylgje den same avisa skal to tverrskip byggast på for å gjere plass til fleire gjesterom.  Eitt av tverrskipa skal byggast på mot fjorden og det andre framover mot Norangsdalen.

Avslutningsvis seier Johan B Øye at han har vore med på å kjøpe inn mange spesielle gjenstandar til hotellet.  Desse gjenstandane - og måleria - kunne han sjølvsagt ha teke med seg ut av hotellet og selt, men no vert hotellet selt med alt av gjenstandar og inventar.  Kanskje er dette ikkje klokast reint økonomisk, men det er absolutt best for hotellet, meiner Øye og vonar at den nye eigaren tenkjer på same måte.

Heilt til slutt vedgår Øye at han får ein god slump pengar p.g.a. salet og planar har han sjølvsagt vidare, men ber om at hjorundfjord.no ikkje skriv om desse planane i denne omgang.