Etter som åra går har eg allereie opplevd mykje i og rundt dette området eg er født og oppvaksen i. Eg har stadig fått nye idear om kva som kunne ha vore gjort annleis for å nytte seg av denne vakre fjorden vi bur hjå. Eg kjem til å lufte med tema som er teke opp før og som de sikkert har høyrt om. Pass på så de ikkje bit av dykk underleppa viss de skulle støyte på noko uventa.
 

Gondol til Verhaldet.

Eit friskt prosjekt som kanskje kunne ha sanka folk både sommar og vinter. Ein gondol frå heisstasjonen på Bondalseidet skisenter kunne ha frakta folk, skikøyrarar og turistar opp til ein kjend utsiktstopp med fagert utsyn i alle retningar. Bondalseidet er blant Noregs topp ti skianlegg, kåra av friluftsmagasinet FriFlyt i år 2006? Med sine mange frikøyrings moglegheiter er dette ein ypparleg plass for skikøyrarar. I tillegg har vi dei majestetiske Sunnmørsalpane like ved. Med gondol til Verhaldet på 1206 meter over havet, kunne dette freiste endå fleire til å nytte seg av skitrekket. Skisesongen er også lang, og per dags dato er det sommarski-moglegheiter i dette området.

Ulempa med gondolen er at den skjemmer for ein rein natur og «øydelegg» ein flott fjelltopp. I tillegg ligg Bondalseidet plassert mellom to bygder, Ørsta og Sæbø, noko som gir lang veg for dei tilreisande som bur på hotell. Eit hotell ved Bondalseidet skisenter burde nok ha vore med i planane, men om det hjelp på besøkstalet er ikkje så godt å seie. I det heile: Ville her vere nok etterspurnad for å drive noko slikt? Samtidig kan ein sjå på Stranda som har noko av det same konseptet med skitrekk nesten heilt opp på Roaldshornet 1230 moh.

Veg til Skårasalen

 

Sjølvsagt må den mykje omtala vegen til Skårasalen lysast fram. Ein veg til Skårasalen er på ein måte eit reelt tema, då det er bomveg heilt fram til Kvistadsætra på omlag 530 meter over havet. Den må sjølvsagt utbetrast og vegen vidare må gå uhemma for fotturistane. Dette er eit prosjekt som krev sine midlar og kan fort bli langt meir dyrare enn kva enkelte hadde førestilt seg. Ein må også sjå på besøkstala og etterspurnadane til turistane som nok er dei som står i sentrum for eit slikt prosjekt. Er det nok vitjingar til at dette blir lønnsamt? Må vi foreta andre endringar fyrst? Er det ei ulempe heie vegen?

Den negative sida er at ein veg som dette vi sette skår i eit vakkert fjell og som aldri vil kunne lækjast igjen. Tungtrafikk med bussar fram i ein dal med urøyvd natur, dyr på beitet, privat busetjing(sela på sætra, fjøs?) er ikkje akkurat nokon god blanding. Her finst det mange fleire for-og motargument.

Skulle ein få til eit slikt prosjekt må fleire partar bli samde. Ved å kople saman fleire prosjekt kunne dette bli interessant. La oss ta ein kik på neste punkt.

Turistskipskai i Ørsta

Den lenge omdiskuterte turistkaia i Ørsta kunne kanskje blitt ein publikumsmagnet, men kvifor skulle folk kome til Ørsta? Desse turistane ville nok helst ha lagt igjen pengar på Amfi enn å sett føtene sine ved Hjørundfjorden. Det er mogleg ein kunne ha sett bussruter til Sæbø, men kvifor då ha turistskipskaia der vist det er Hjørundfjorden dei vil sjå?

 

Veg til Brekkeheida

Kanskje eit endå meir realistisk veg-prosjekt er veg eller trapper til Brekkeheida i Ørsta med ein cafe eller ei form for ei slags bygning på kanten. Denne ideen er henta frå Ålesund med Bystova som utgangspunkt. Brekkeheida byr på god utsikt og kunne sanke besøkande til Ørsta. Men også her, saman med mange andre argument, finn vi ulempa med at eit slikt ferdigbygd prosjekt ville skjemme naturen.

 

Ferje på Viddal

Så over til eit punkt eg sjølv har hatt store tankar om. Etter at den lenge etterlengta Kvivsvegen er komen, vil trafikken auke radikalt forbi Kalvatn og vidare til Volda og Ørsta. Denne trafikken kan nyttast til andre formål enn å brase gjennom 80-sona på Langvatn, eller vidare forbi Ørsta til Festøya. Med ferje frå Viddal til Lekneset og vidare til Magerholm eller Sæbø, gir dette mange moglegheiter som ikkje så mange har tenkte på. Mange tenkjer nok at det beste blir å køyre direkte til Festøy (om ein skal til Ålesund) og ta ferja over til Solevågen. Tenkjer ein seg om er det mindre forureinande å ta ferje frå Viddal til Magerholm, samstundes som sjåføren får kvile og ei natur oppleving utan sidestykket på kjøpet. Tid frå Viddal til Magerholm: 1 time og 30 min?

 

Bjørke bør då ta seg nytte av solstrålane over Bjørkehornet og byggje ut parkeringsplass, rasteplassar, eventuell ein kiosk og litt informasjonstavler. Kaia på Bjørke kunne utbetrast og gi endå fleire moglegheiter. Ein segletur gjennom Revet mellom Kalneset og Finnes med Jakta 1588 moh i bakgrunnen er det nok få som kunne ha takka nei til, om ikkje nokon.

 

Den gamle ferjekaia på Viddal må også sjølvsagt utbetrast. Kanskje ei kro nede ved sjøen hadde gjort seg her, med kveldssola i enden av Hjørundfjorden som spegla seg inn glaset og rett på øl-mustasjen til ein humørfylt skotte.

Turistane, som nok er dei fleste brukarane av denne ferja, kunne då for eksempel svinge av på Lekneset og ta turen innom Øye. I dag har vi «kun» hotell Union Øye som besøksmål der. Her må det byggast turistkai, eller eventuelt at mindre båtar fraktar folk til land. Vi treng då ein suvenir butikk, parkeringsplass og asfaltområde med informasjons tavler og statuer av kjende personar som har vitja Øye. Noko framtredande med ulike fargar, eg tenkjer då på blomar, kunne også vore ideelt her. Dette hadde gjort området særs triveleg, ikkje for å gjere staden mindre triveleg enn han er no.

 

Frå Øye går turen vidare opp Norangsdalen og Lyngstøylsvatnet der det kunne utbetrast med endå fleire rasteplassar, eller berre avkøyrsle, slik at det var stopp-moglegheiter for buss, campingbilar o.l. Frå Norangsdalen og Fivelstadhaugen går turen for turistane vidare til Hellesylt, der dei ventar på neste ferje til Geiranger for å oppsøkje ein ny fjord og for å legge frå seg endå nokre kroner på dei ferske svelene der.

 

Hytte på Jakta

 

Sidan eg allereie er så godt i gang med å lufte ut tankane mine, kan eg legge ved hytteplanen på Jakta. Dette er også ein av mine interne tankar der eg såg føre meg ei hytte på toppen av Jakta 1588 moh med glasgolv som strekkjer seg utover der det ikkje er faste grunn...

Heile området rundt (eller ved sida av) varden måtte då støypast og ein godt konstruert hytte, med eventuelt salsmogelegheiter inne i, settast oppå. Den siste blir nok særs vanskeleg sidan Jakta har kun vanskelege oppgangar og for få vitjingar. Glasgolv med utsikt 1588 meter rett ned i ein fjord er finn du nok ingen plass på denne jorda. I tillegg er no utsikta ut fjorden slåande. Ein draum er ein draum.

 

Hadde vi kome så langt hadde det kanskje vore like gildt med ein tunnel frå Viddal til Stennes og Øye, og vidare til Sykkylven. Kven veit?

 

Generelt til slutt vil eg sei at vi har mange moglegheiter som vi kunne ha tatt føre oss her i dette flotte området vi bur i på vestlandet. Om nokre av dei, om ikkje nokon av dei over, blir nytta, er eg sikker på kan gjere denne staden berre endå betre.

 

Uansett kva som skjer vidare, sats på Hjørundfjordstien til Helge Standal, den vil bli berebjelken til heile turisnæringa ved fjorden, men også våre eigne innbyggjarar vil også ha god nytte av denne.

 

Vi har fortsatt mange spørsmål å stille oss sjølve angåande planar med denne fjorden. Er her/blir det nok vitjande til at slike planar blir lønnsamt? Er her for lite gjennomstrøyming? Er det tåpleg med slike planar? Er ikkje dei reelle nok?Er her for lite innsatsvillige? No har eg sagt mine tankar. Kva med dine?