mai2008_0615(003)

Merrane hadde venta på helten Hero i snart eit døgn, og stemninga var stor då Even Myklebust endelig leidde han ut ifrå lastebilen og inn til merrane. Myklebust var snar med å løyse han frå grima og kome seg der i frå, for på eit slikt slepp kan litt av kvart skje.

mai2008_0615(006)

Hero sette av garde etter merrane, men dette var ingen spøk. Han vart både beten og sparka, og det var rart ikkje blodet flaut, men hestar toler vel ein del.

mai2008_0615(090)

Han snusa seg rundt i beitet på jakt etter potensielle mødre til å føre genane vidare. Merrane var ikkje av det lettaste slaget, til slutt måtte han berre til å legge om strategien: Dei måtte utmattast.

mai2008_0615(027)

mai2008_0615(119)

Her får han seg endå eit spark, og fleire skulle det bli. Merrene var nådelause, men heldigvis utan sko på beina.

Men endelig var det ei som laut seg til! (som vil være anonym.....)

mai2008_0615(045)

mai2008_0615(046)

Endelig løn for strevet! "Den som ler sist ler best"

Og før vi reiste var det endå ei som vart bedekt av Hero. Etterkvart blir dei sjekka med røntgen om dei har blitt drektige, har dei det blir dei heim sendt, har dei ikkje må dei bli ei stund til.

Det var ein god del folk som møtte opp for å sjå eit av sommarens eventyr, og rjomegrauten vart fort utsolgt.