k1 001

Her oppe i fonnvernet har vi ein post som er mykje besøkt, no har vi bytta ut dimmaren med ei skikkeleg postkasse, vonar mange vil skrive seg i boka.

Her er det Gunnar som skrur opp den nye kassa, dette er starten på den nye Gunnar-råsa!

Frå tidleg i vinter har Gunnar planlagd og fintenkt på korleis råsa skulle verte.

i ledige stunder gjekk han i skogen og fann ut ein passande trasê for kvar råsa skulle gå, etterkvart som snøven tina.

k1 002

Her kan ein skimte vatn mellom trea bakom , det er gamle brønnen, like oppom fonnvernet.

Her er godt å gå, godt terreng og i granskogen lukta det herleg av bar.

 

k1 003

Her og der har hjorten laga sine vegar, og i granskogen kan ein sjå på trea at dei er bøygde av ei fonn som truleg gjekk i 79, dette har eg ikkje fått med på bilde så de må opp for å sjå.

k1 004

Her er ein fin rasteplass, friskt vatn frå eit lite rør, og ein god sess.

Råsa gjeng gjennom naturlege lysningar i skogen slik at det er lyst og lett å gå.

Gunnar har styrt unna fonnskogen som vert nermare skonndalselva, ved å halde seg i den store bjørkaskogen er det eit godt terreng å gå i.

k1 007

Her er eit bjørkatre som har den "svingen" i veksten som truleg kjem frå fonna i 79.

Gunnar er ein "bissi" mann, fleire ringde og ville ha han med på tur, men dennne gongen var det eg som vann! 

k1 008

Her ved ein stor flat stein var det naturleg og lage trimpoststasjonen, her vert kassa montert, så no er det klart for alle og skrive seg i boka, for kven kan la vere å prøve denne turen?

Kansje der er ei lita overassking til dei fyrste som kjem opp?

 

k1 009

Her er utsikta oppover mot kjeipen, og lissedalshornet ein lyt gå litt høgare opp før ein krysser skonndalen og over dalekjerringa.

Heile vegen er råsa godt merka så det er flott å gå.

k1 010

Her er utsikta nedover mot sæbø og fjorden, dette er steinen som er stoppestaden for skriving i boka.

k1 011

Ein liten demostrasjon av sitteplassen og "sjølvutløysar på kameraet"

Smiiiil!

k1 013

Her har Gunnar gjøymd redskapen, motorsag er godt å ha for det er ikkje lite småskog han har rydda.

Han har prøvd å la dei store trea stå, men det er mykje  å rydde for å få utsikt.

Det er sett opp stikker med korte mellomrom for å markere råsa, desse har Gunnar bore opp noko no og noko då, han har også rydda slik at der er utsikt på fleire stadar.

k1 014

Her kjem Hjellaråsa innpå, dei som går denne vegen må ta seg ein svipp nedover i råsa bittelitt for å skrive seg i boka.

Her har han rydda utsikt mot Sæbø.

Her kan du sjå den såkalla "Sæbøåsen" no er det attgrodd med tre , men på gamle bilder viser denne Åsen langs fjellsida.

 

k1 015

Like før råsa kryssar skonndalen har han rydda utsikt mot Riise og fellesfjøsen.

Som de ser vert det litt kvist og kvas att, kansje det kan fyrast jonsokbrising her?

Her kan ein gå over til Storenakken eller fylje Skonndalen opp til dalegubben,

fritt valg!

Kom igjen, opp å sjå, her har virkeleg Gunnar gjort ein kjempejobb!

No er det opp til oss å halde råsa ved like ved å bruke ho flittig!

Fin rundtur frå Storenakken, eine eller hin vegen.

GOD TUR!