Det var Ole Stokke som gjorde jobben for oss i Sæbø-nemnda, og lass på lass vart køyrt bort. Her var aske etter mange år med bål, i tillegg kom mange gamle synder fram: alt som ikkje har vore brennbart låg att.

bål1

Neste steg er å få på grasfrø på jorda som kjem fram. Deretter må vi alle skjerpe oss med omsyn til korleis vi bruker nye bålet. Det står nærmare hus og luftkablar enn tidlegare, og kan ikkje få lov å bli like stort som tidlegare jonsokbål. Det betyr at vi må KASTE MINDRE på bålet enn tidlegare!

bål4

I første omgang kan vi late vere kaste ulovleg materiale. Allereie no ligg der impregnert og måla tremateriell, isolasjon og plast. Dette skal ALDRI på bålet!!!!. I tillegg må det som skal på bålet leggast på bålet, og ikkje langt på sida...  

Det vil bli laga i skrifteleg påminning om dette som slåast opp attmed bålet.

Takk for hjelpa frå

Hjørundfjord bygdemobilisering ved Sæbø gruppa.