I dag har Anne Pauline og Gunnar Lyshagen lagt ut på langtur.  Dei skal køyre heilt til Finnmark i sin nesten nye bubil, men før dei fòr sytte dei truleg for at dei hadde fått den vakraste bubilen i Noreg.

IMGP5596 (Large)

Ved hjelp av naturfotograf Gunnar Wangen har Anne Pauline og Gunnar Lyshagen truleg fått den vakraste bubilen i landet.  På foto ser vi Gunnar Lyshagen.

Det er altså naturfotograf Gunnar Wangen frå Volda som har tatt dei to fotografia som no har fått plass på bubilen - det eine bak, det andre bak på vesntre side.  Det er IK Reklame som har fått motiva på plass.  Gunnar er ikkje kjend for å godta slurv, men her ser han ingen grunn til å klage - han er svært godt nøgd med det arbeidet som er gjort.  Sjå under.

IMGP5586 (Large) IMGP5583 (Large)

Motivet til venstre er plassert bak på bubilen.  Motivet til høgre, som sikkert ikkje er så kjent, er frå Ytre Standal og  kva heiter fjellet i bakgrunnen?  Dette får vere dagens quiz.

IMGP5582 (Large)

Den nesten nye bubilen til ekteparet Lyshagen.

Men Gunnar, er du ikkje klar over at når de no køyrer nordover så får de oppleve vakker natur der også?

- Jau, men eg ser ikkje nokon konflikt i det.  Vi må vel ha lov til å fortelje at vi kjem frå ein vakker stad sjølv om vi no skal til Finnmark.

Jostein Kvistad er, som dei fleste veit, bussjåfør.  Han også køyrer med eit hjørundfjordmotiv bak på "sitt" køyrety", bussen "Ingvild".  Til hjorundfjord.no seier han at Anne Pauline og Gunnar har fått segt ein vakker bubil og er glad når han får høyre at det er bussen hans som har vore med å motivert dei to til å dekorere bilen.

Som nemnt har allereie Anne Pauline og Gunnar starta på ferieturen.  Dei skal køyre Helgelandskysten nordover, ta ferje til Moskenes frå Bodø og så vere nokre dagar i Lofoten.  Deretter går turen vidare nordover til Vest-Finnmark og så heilt aust til Kirkenes/Vadsø/Vardø.  Det endelege målet er Mehamn der Gunnar sitt syskenbarn, Ragnhild Brox bur.

Det kan hende at Gunnar vil sende oss foto frå denne ferieturen nordover.  Foto med små kommentarar vil så verte lagt ut på denne artikkelen.  hjorundfjord.no er med.

Grong

I føremiddagstimane i dag passerte Anne Pauline og Gunnar Lyshagen Grong på sin veg nordover mot Finnmark.  Og på Grong fann dei dette monumentet.  Sjå under.

Grong

Bør eit liknande momument plasserast på Sæbø, undrar Gunnar Lyshagen.

I bakgrunnen på fotoet ser vi vel det som no er rakna som Noregs vakraste bubil.  Gunnar har forresten eit spørsmål til;  er den tidlegare sjefen på Sagafjord Hotell frå Grong?

På veg til Sandnessjøen

I går kveld( 30.6.08) tikka denne MMS-meldinga inn frå Gunnar Lyshagen:

"Hei.  Vi er på veg til Sandnessjøen.  Legg ved bilde frå ferja Holm-Vennesund, og Trollhatten.  Fint køyrevêr, 20 grader og mange turistar".

Torghatten 001 Torghatten 002 Torghatten 003

Foto til venstre talar for seg sjølv.  I midten sørgåande hurtigrute med fjellet Trollhatten i bakgrunnen.  Til høgre:  Anne Pauline og hunden på ferja mellom Holm og Vennesynd.  (Klikk på fotoa for større versjon)

På tur i seglbåt

I går, 1.7., var Anne Pauline og Gunnar på båttur/seglskutetur i fint vêr i skjergarden utanfor Sandnessjøen.  Båtturen gjekk til Brasøy og skuta heiter Karoline. Seglskuta er ein kopi av ein Colin Archer.   Det er sjølvsagt Anne Pauline vi ser på fotoet under.

Båttur 001

Anne Pauline let bubil vere bubil ei stund og gjekk ombord i ein seglbåt.

Torsdag 3.7. klokka 0010

Solnedgang 001

Dei nærmar seg middnattsolens rike.  Foto frå eit stykke nord for Nesna

3.7. - dag:

"No har vi passert polarsirkelen med ferje.  Ser litt av Svartisen.  Er i Bodø i kveld"

3.7. - kveld:

"Hei.  Helsing frå Bodø hamn, mot sentrum.  Kom hit i ettermiddag.  Kjempefint vêr - 25 grader.  I morgon vert det besøk på flymuseet".

Svartisen 001Bodø 001

Til venstre:  Litt av Svartisen.  Til høgre:  Anne Pauline med Bodø sentrum i bakgrunnen

Og i morgon har Gunnar lova meg (nesten) at han skal køyre flysimulator på flymuseet.  Det veit underskrivne er kjekke greier...

4.7.:  Flymuseet

"No har vi vore på flymuseet.  Vi prøvde også flysimulatoren.  Toppers.  Står no i laang ferjekø til Moskenes".

Flymuseet 004

Frå Flymuseet i Bodø.  Vi ser sjølvsagt Anne Pauline, men namnet/type fly har vi ikkje fått, men det veit vel Roy Magne Mo eller ein annan av Hjørundfjordportalen sine brukarar?

Seinare på dagen hadde Anne Pauline og Gunnar kome til Å - ytterst i Lofoten. Dei vart transportert dit med ferja "Malangen".  Under foto frå ferjeturen og det sørlegaste punktet på Å.  På SMS-en skriv Gunnar vidare: " Som du ser går det land lenger ut.  Vi overnattar her"

Flymuseet 002 Flymuseet 001

Til venstre:  Frå ferjeturen med "Moskenes" frå Bodø til Å.  På foto til høgre der sørlegaste punktet på Å.

Laurdag 5.7.08:

"I dag har vi sett oss rundt i ytre del av Lofoten.  Vi har m.a. vore innom Reine-Sund (Smeden i Sund) og sett på båtmuseet. Der hadde dei ein gammal Voldamotor.  Vi har besøkt Nusvær med Norges best bevarte fiskevær.  Var innom og helsa på Solveig Ullebust - kjekt - i Stamsund.  Vi overnattar på ein campingplass i nærleiken av Stamsund".

Nusfjord 001

Anne Pauline og hunden i Nusfjord.  Vi ser at Fru og Herr Lyshagen framleis har godt vêr.

Søndag 6.7.:

"Sender foto frå Vikingmuseet på Borg og Kabelvåg.  Har hatt ein ny, fin dag. Mindre vind og blå himmel.  Sender også foto frå fiskemottaket til Aarsæther i Kabelvåg der ein god del bondalingar arbeidde"

Mot Alta 001 Mot Alta 002

Frå Vikingmuseet på Borg.  Til høgre ein lokal viking?

Mot Alta 003 Mot Alta 004

Frå Kabelvåg.  Til høgre fiskemottaket til Brødrene Aarsæther der fleire bondalingar har hatt sitt arbeide

Søndag kveld:

"Ja, no går det nordover.  Har kome til Sørkjosen.  Nærmar oss Alta.  Fantastisk kjørevêr.  Tar kveld ved midnatt"

Mot Alta 006

Mobilfoto frå Sørkjosen

7.7.08

I føremiddagstimane i dag kom Anne Pauline og Gunnar til Alta - framleis i flott ver.  I Alta har dei besøkt Alta Museum og helleristningane der.  Dei to er no i Porsanger, nærare bestemt i Lakselv, der dei skal overnatte. Men først tok dei ein avstikkar til Hammerfest - ca. 12 mil...

Alta museum 001 Alta museum 002

Til venstre:  Inngangspartiet til Alta museum.  På motsett side av bygget finn du m.a. desse helleristningane.

Onsdag 9.juli:

"Ja, no er vi komne til Mehamn.  Vi kom hit i går kveld.  Køyrde frå Lakselv i 14-tida.  Bilde frå rasteplass på Nordkynvegen som vart opna av Kong Olav i 89.  Vi møtte skodda og regnyr i 300 m høgde.  I dag opplett og 9 grader".

Gamvik 005

Anne Pauline ved rasteplass som vart opna av Kong Olav i 89.

Framleis onsdag 9.juli:

"Hei.  I dag har vi vore i Gamvik.  Gjekk oss ein tur til Labyrinten.  Den ligg eit godt stykke vest for Europast nordlegaste fyr.  Labyrinten er frå før kristen tid.  I bakgrunnen ser vi8 fejllformasjonen Bispen.  Heilt ytterst ser vi Kinnerodden, Europast nordlegaste punkt".

Gamvik 003 Gamvik 002

Labyrinten.  På foto til høgre ser vi Anne Pauline til venstre og Gunnar til høgre.  Skal vi driste oss til å tru at det er Gunnar sitt syskjenbarn, Ragnhild Brox som er i midten?  Foto er tatt i dag, onsdag.  I bakgrunnen Bispen og lengst bak Kinnerodden, Europas nordlegaste punkt.

Gamvik 001

Fyret i Gamvik - Europas nordlegaste fyr.  (For hjorundfjord.no sine brukarar kan det vere eit godt tips å leite fram atlasen/kartet og finne Mehamn og Gamvik)

Fredag 11.juli:

"Hei.  Vi har vore på hyttetur i går og i dag. Vi gjekk to timar til hytta til Ragnhild og Inge Brox.  Om kvelden sette vi ut to ørretgarn før vi tok oss ein 30 minuts tur til Sandfjordelva for å prøve stangfiske.  Lite med laks.  Vi drog garna før vi gav oss på heimveg.  Fekk 10 fine røyr.  I kveld var eg på kaia og tok imot gamle "Lofoten".  Vert her til søndag.  Då set vi nasa mot Kirkenes"

RWS Superdome Gamvik fiske 002

Ikkje laks i elva, men på garn fekk dei 10 flotte røyr.

Gamvik fiske 001

Gamle "Lofoten" ved kai.

Fredag kveld snakka eg også med Gunnar på tlf.  Som han nemner i SMS-en, køyrer dei mot Kirkenes på Søndag.  Men dei skal også etter kvart til Vadsø og Vardø og vidare til "Verdens ende" - Hamningberg. Lenger går ikkje vegen.  Sjekk kart nordvest for Vardø.

Søndag 13.juli:

I dag fekk underskrivne ein svært hyggeleg e-post frå Inge Brox - ektemannen til Gunnar Lyshagen sitt syskenbarn, Ragnhild Brox. (Ho er også tremenning til underskrivne).  Denne e-posten lyder slik:

"Anne og Gunnar avsluttet oppholdet i Mehamn med bacalao-fest hos Ragnhild og Inge Brox. Bildet er tatt i midnattsol utenfor huset deres. Mannen til venstre en også bondaling. Han heter Harald Hovdevik og jobber som teknisk sjef i Mehamn. Han er sønn til lærer Sigurd Hovdevik som har undervist både Gunnar og Ragnhild. Harald bor i Spjelkavik, og langpendler til Mehamn. Der gjør han en strålende jobb, og er meget godt likt i fiskeværet. Anne og Gunnar drar videre til Vardø og Hamningberg i dag (søndag)."

Det flotte fotoet Inge Brox skriv om, ser du under.

DSC_0047 (Large)

Søndag 13. juli:

"Reiste frå Mehamn i dag klokka 11, køyrde til  Hamningberg (Verdens ende- KH). Fantastisk flott og goldt landskap.  Kjøpte oss vafle, kaffi og is i skoddehavet der ute.  Var innom Vardø og Vadsø på veg tilbake til Nesseby der vi overnattar i lag med fleire bobilar"

Medn Gunnar nøyer seg ikkje berre med denne tekstmeldinga, han har ei til Jostein Kvistad og:

"NB, Jostein Kvistad, du har grunn til å angre på at dokke ikkje besøkte Hamningberg"

Vadsø 003 Vadsø 002

Foto til venstre:  Frå Hamningberg.  Til høgre:  Informasjon om Hamningberg.  Klikk på fotoet og få det i stor versjon, kanskje kan du lese innhaldet også.

Vadsø 001

Foto av Vadsø

Måndag 14.juli:

" Hei.  I dag har vi vore til Kirkenes.  Sett oss rundt i byen.  Seinare kjørte vi heilt til Russegrensa.  Til Grense Jakobselv.  Har no kome tilbake til Tana bru"

Kirkenes fiske 001

Her ser vi Gunnar ved ein grensestolpe  i Grense Jakobselv. (Då er det nok Russland vi ser bak Gunnar?)

Kirkenes fiske 002 Kirkenes fiske 003

Foto til venstre er tatt frå moloen i Kirkenes(evt. Grense Jakobselv?).  Foto til høgre er av den store Russiske flåten på Kirkenes hamn.

Tysdag 15.juli:

"Hei.  I dag har vi køyrt frå Karasjok - via Kautokeino - til Luleå i Sverige. Var innom sølvsmia og knivsmeden i Kautokeino.  Handla ein samekniv.  Fekk dessverre ikkje teke bilde då telefonen var batteritom.  Stoppa ved polarsirkelbyen Juoksengi.  Bilde.  Vi har hatt fint vêr, med opptil 24 grader.  Siste timen har vi hatt kraftige torefloingar",

Luleå 001

Polarsirkelen - Juoksengi

16.juli:

"Hei.  I går vart det byrunde i Luleå.  Fòr ikkje derifrå før klokka 1730.  Turen vidare gjekk direkte til Umeå.  Stoppa der for ein liten kveldstur i sentrum.  Dagens etappe enda i Ørnskøldsvik.  Kom dit klokka 0030.  Ser ein stor plasthoppbakke.    Turen vidare går i dag til Østersund".

Gamlelandet 006 Gamlelandet 001

Foto til venstre:  Frå Umeå.  Sjøen vi ser er altså "Den Botniska Viken".  Foto til høgre:  Hoppbakken i Ørnskødlsvik.  Hoppbakken er lett synleg når du køyrer sørover etter E4.

Torsdag 17.juli:  Gamlelandet nærmar seg.

"Ja, no nærmar vi oss Gamlelandet.  Har no kome til Østersund, kom hit etter at butikkane var setengde, derfor lite folk i gatene.  Fin by ved innsjøen Storsjøn."

Gamlelandet 002 Gamlelandet 003

Foto frå Østersund

Gamlelandet 005