Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.

Etter at du har køyrt i land på ferja på Trandal, tek du til venstre i første kryss.  Tek du til høgre, vert det nok ikkje fjelltur den dagen, men dette skal vi kome tilbake til.

Køyr så mote bakkane, forbi Noregs vakraste postopneri og vidare oppover så langt som du kjem, i alle høve til Trandalssetra (hytte på dyrkamark).  Sist søndag var det framleis ei fonn over vegen.  Dermed fekk vi brukt spadene i ryggsekkane og stolte kunne vi setje oss i bilen til Ronny (Opsahl Haugen) og køyre vidare - 50 meter.  Vi hadde nemleg ikkje sett at der var ei fonn til i neste sving.  No var det berre å ta utstyret på å gå den siste strekninga av setrevegen.

_IGP2418b

Ein svettar gjerne i 10 minutt for å få køyre 50 meter - til neste sving..

Målet denne dagen var endeleg Blåbretinden. Blåbretinden ligg i Sykkylven, men i alle høve på ski vil eg tru at det er enklast å nå denne toppen frå Trandal. I turboka "Fotturar på Sunnmøre" skriv Helge Strandal: "Bratte brefall og skarpe egger omgir Blåbretinden i eit imponerande alpint terreng"

Turen oppover gjekk svært så fint.  Det var ikkje problem av noko slag.  Frå den nemnde hytta på dyrkamarka gjekk vi oppover langs Tverrelvane og vidare opp forbi Skarabbvatnet (som sikkert låg der ein stad under snøen).  Så tok vi sikte på skaret nord for toppen - sjå kart. Rett før skaret vart det noko sidebratt, men snøen var lett å setje spor i.

IMGP5049 kopiIMGP5050 kopiIMGP5051 kopi

Ikkje alltid like spennande å gå opp alle motbakkar.  Då legg ein gjerne inn litt ulik trening - som synkrongåing.

_IGP2435b

Den første bratte motbakken nesten unnagjort.  Foto tatt i retning nedover Trandaldalen i retning Hjørundfjorden.  Er det ikkje Sylvkallen vi ser i bakgrunnen til høgre?

_IGP2460bIMGP5056 (Large)

Til venstre:  Ronny har nådd Vintervindskaret.  Til høgre ser vi Blåbretinden.  Fred Ingar (Somby) på veg mot skaret - Vindtervindskaret - til venstre (nord) for toppen der vi tok av oss skina.

Turen frå skaret - Vintervindskaret - til toppen gjekk også svært fint.  Første delen gjekk vi på snø, men dei siste høgdemeterane gjekk vi på bratt fjell.  Heldigvis var det  lett å få gode tak.  Dessverre vart det slik at utsikta ikkje vart så god denne dagen - i alle høve ikkje på Sykkylvssida.  Der låg skodda tett.  Eg kom til å tenkje på læraren på Sæbø som for mange år tilbake kjøpte seg ny bil og vart gratulert.  Svaret han gav var dette:  "Takk for det, men prisen tek bort halve gleda".  For oss var det ikkje prisen, men skodda som tok bort halve gleda.  Men for all del - gleda av å nå topppunktet på ein så staseleg topp er der alltid.

_IGP2466bIMGP5074 kopi

Heldigvis lett å setje spor i snøen i dag.  Vi set att skina og sekkane  nede i skaret.

IMGP5070 kopiIMGP5075 kopi

Det gjeld alltid å få fotoa til å sjå meir dramatisk ut enn det er.  Fred Ingar går frå snø til fast fjell - tørt fjell der det var gode tak.  Til høgre er Fred Ingar nesten på toppen.

_IGP2479b

Så det obligartoriske toppfotoet.  Underskrivne til venstre, Ronny og Fred Ingar.

IMGP5078 kopiIMGP5079 (Large)

T.v.:  Nok eit døme på at også mannfolk kan kombinere to ting.  Ronny greier å sjå inteligent ut samstundes som han lagar seg ei feit snusklype.  T.h.:  "Jeg tar gjerne på meg fjellføringsoppdrag inklusiv guiding".

Når det gjeld det som vert kalla sikkert klarting, har eg lært at ein til ei kvar tid skal ha to hender og ein fot i bakken, eller ei hand og to føter.  På fotoet under, ser vi Fred Ingar demonstrerer.

IMGP5088 kopi

To hender og ein fot i bakken, eller?

Vanskeleg lys til å fotografere i, men nokre køyrefoto må - som tradisjonen tilseier - med.  Først Ronny.

IMGP5095b

Ronny har nettopp starta rett under Blåbretinden.  Kva heiter breen under denne tinden?

_IGP2519b

Fred Ingar satsar denne gongen på randoneutstyr.

IMGP5099 (Large)IMGP5115b

Fred Ingar

Her tek Fred Ingar til å få opp farta. 

_IGP2523b

Her er underskrivne i den siste bakken før Trandalsetra.

Denne dagen, søndag 1. juni, var det framleis mykje flott snø att i dette dalføret.  Mange toppar rundt om kunne ha vore gått på og ein kunne ha fått slakke nedkøyringar - og bratte.  Trandalsfjella vil i åra framover heilt sikkert få meir besøk.

Så stod det att berre å ta av skina, lesse inn i bilen, og vente på ferja.  Nei, vent no litt.  Etter at du har passert elva, dvs. køyrt over brua med det vakre rekkverket, skal du ikkje ta til høgre i krysset og køyre ned til ferjekaia.  Nei, køyr rett fram så hamnar du etter kvart på Christian Gaard.  Tusenvis har allereie oppdaga det, men det er utruleg kva Toril og Frank Storeide har fått til.  Fred Ingar bestemte seg sporenstreks for å ha si neste skisamling på Trandal og utgangspunktet skal vere Christian Gaard.

IMGP5145 (Large)

Bak disken, Torill og Frank Storeide.  At det vart dårlege foto frå Christian Gaard skuldast nok ikkje for mange halvliterar, men litt feil innstilling på apperatet.

No skal det ikkje skrivast for mykje om denne serverings- og kulturstaden her, men vi nemner berre at Frank har bevis for at det berømte slaget i 998, der Jomsvikingane var innblanda, var i Hjørundfjorden og ikkje i Hjørungavåg.  Frank har også bygd ein Vikingdass - ikkje etter bygningslova, men etter åndsverkslova.

IMGP5148 (Large)IMGP5154 (Large)

T.v.:  Frank syner Fred Ingar dokumentet som beviser at slaget stod i Hjørundfjorden og ikkje i Hjørungavåg.  Til høgre:  Vikingdassen dom er bygd etter åndsverklova og ikkje bygningslova.  Dassen har sjølvsagt eigen bar.

Og Ronny var sikker i si sak.  Det heile vart ein tur det absolutt var verdt å stå på hovudet for.  Under ser vi Ronny i Noregs mest berømte reie/huske.

IMGP5163 kopi

Og berre så det er sagt - vi rakk ei ferje tilbake...

I dag legg vi til ein quiz:

IMGP5211 (Large)

Kva for eit fjell står denne mannen på?   (Kven det no måtte vere.)