- Laurdag vert mykje knytt til Sæbø IL sitt jubileum, og søndag vert det mykje god underhaldning, og ei sor overrasking vi ikkje går ut med, seier Riise.


Det er altså jubileum for arrangørane Sæbø IL i år. Idrettslaget rundar 75 år, og dette vert markert under dagane. Det vert ei eiga jubileumsutstilling, og laurdag vil mykje av progammet handle om idrett.


AaFK sin sportslege utviklingsleiar, trenarlegenden Reidar Vågnes, vil opne dagane. Og bygdebokredaktør og tidlegare Sæbø-trenar Gunnar Ellingsen skal halde kåseri. Kanskje vert det også nokre overraskingar frå scena.


Aldri Hjørundfjorddagar utan at lokale talent får sleppe til. I år kjem Elise Flakk Nordang (18) frå Norangsfjorden, og Hjørundfjord kyrkje sitt barnekor får også sleppe til. Det same gjer ungdomsskuleelevane ved Sæbø skule, som tidlegare i år hadde suksss med musikalen Grease.


Årets familieunderhaldar er Paul Rocks frå Trondheim. Han skal syte for at borna har det kjekt både laurdag og søndag.


Søndag vert det også tidenes kunstauksjon i Hjørundfjorden. Lokale kunstnarar som Sigmund Aarseth, Arvid Urkegjerde, Nils Taklo og Sverre Rønning har alle donert eit kunstverk til inntekt for friluftsanlegg på Kapteinskvia nord for Sæbø sentrum.


Årets kunstutstillarar er Kjell Idar Saure frå Åmdalen og Sverre Rønning. I tillegg deltek ei rekkje andre utstillarar.


Fullstendig program er lagt inn under aktivitetskalenderen her på portalen.