Vi var ein tur på Brekkeheida, vi gjekk hellevegen frå svingen rett opp frå hengebrua.

Ein fin og lett tur med helleveg opp til Brekkesetra, derifrå gode reser til Heida, Kråkenakken og vidare.

Torsdagen etterpå gjekk vi Skålavegen, vi parkerte ved fyrste vasshuset, og gjekk vegen opp.

Der testa vi trimutstyret som er sett opp , og kika på utsikta ( sjå bildet).

Måndagsturen var vegen til Rognestøylen , frå bommen i Sledalen.

Det var regn og sludd, men det stoppa oss ikkje vi var fem damer som kosa oss med te og litt snaks på Rognestøylen.

Vi rakk ein tur bortom likkjevatnet før vi gjekk nedatt.

Neste tur er Gamlevegen.

VEL MØTT!