Annonsa i Sunnmørsposten fortel det meste:

Annonse 1

Klikk på biletet/annonsa, så får du den i større utgåve!

Vi merkar oss at Urke Grendalag i år tek hand om Urke-helga og dei vel eit meir forenkla opplegg enn det som vart gjennomført i fjor sommar.  Det vert ikkje påmelding og heller ikkje same grad av matservering med middag, men noko å bite i og leske strupa med, vil nok ordne seg.

Det vert antyda at opplegget skal gå på sjøl-styr, men det er nok ikkje heilt rett. Dorit Rønning, leiar i Grendalaget, kan fortelje at styret og underkomitear har jobba med saka fram over vinteren og våren.

Fredagskvelden vil det bli ei uformell samling der ein går gjennom programinnslaga og gjer dei siste førebuingane.  Dei som alt då stiller opp, vil bli utfordra i møtet - (work-shop på "fint") - til å vere med å utforme programinnslag for laurdagskvelden og vere med på gjennomgang av siste finpuss av programmet for laurdag og søndag.  

Det å møtest, snakka saman og oppleve at ein høyrer til, var eit motto for Heimkome-helga i fjor. Same formål og motto må gjelde for komande Urke-helg.

Vel møtt på Urke i andre helga i august. Merk av i kalenderen og legg ferieplanane slik at Urke-helga kan innpassast. Studer annonsa og følg med på portalen i dagane framover.