Storspova er vel favorittfuglen til Jakob junior, Asbjørn og meg her på Årset.  Gjennom åra har vi brukt tid til å leite opp reira deira og ikkje minst passe på storspoveungar som ikkje alltid veit kvar faren lurer.  Og har det ikkje blitt fleire av denne flotte fuglen no?

Desse fuglane dukkar opp når dei fyrste snøberre flekkane kjem i april.  Kanskje lagar dei i byrjinga ikkje så mykje lyd, men du kjenner att fuglen - heilt sikkert - straks du høyrer den kjende fløytelyden.  Etter kvart parar dei seg og etter kvart legg dei egg, som no.  Egga, 4 stk.  legg dei gjerne i eit enkelt reir midt på ei attelege.

IMGP4329 (Large)

Reiret er ikkje alltid lett å oppdage

I dag køyrde eg i marketade, som det heiter, dvs. køyrer med ei slags horv der eg har spreidd naturgjødsel.  Eg veit sånn nokonlunde kvar desse fuglane har reira sine og heldigvis - eg oppdaga reiret på fotoet over tidsnok.  Men då eg stoppa traktoren og tok fram fotoapperatet sa fuglemor stopp.  Ho smaug seg av reiret og gjekk med raske steg derifrå.

Storspova

Trø meg ikkje for nære, seier storspovemora.  Ho har forresten mykje lengre nebb enn ektemannen.

Det spesielle med desse fuglane er at rundt jonsoketider, reiser mora tilbake til vinterkvarteret t.d. i Nederland.  Etter det er det pappaen som åleine tek seg av ansvaret med å passe borna.  Når dei er store nok og kan flyge ut på seinsommaren, flyg dei etter mor si.

Som nemnt brukar t.d. nabo Asbjørn og eg ein del tid på å passe på desse fuglane.  Difor var det ekstra trist å sjå, for eit par år sidan, tre nesten flygedyktige storspoveungar som var køyrt på ei natt borte på riksvegen/Myrholvegen.  Slikt noko burde vere unødvendig.

Til slutt tek eg med foto av eit par blomar.  Namna set eg ikkje på så spørsmålet vert; kva heiter desse blomane?

IMGP4316 kopiIMGP4319 kopi

Blå og fin

Og så denne blomen til slutt:

IMGP4323 (Large)IMGP4322 kopi

Gul og vakker

Alle foto er dagsferske.