Her kom rett nok ein stare i byrjinga av april, men etter ei rask prøvesitjing av kabelen som går over tunet her, var den borte igjen.  Det var nok for kaldt, kanskje var det lite mat og finne her også.  Nei, han fòr nok ned til Sæbø igjen til Gunnhild og Torbjørn Slettedal sitt gode matfat.  I påska såg eg nemleg at dei allereie då hadde ein svær stareflokk ved huset sitt.

Men måndag for 14 dagar sidan var den altså her.  Då eg gjekk ut på tunet om morgonen sat der heile seks stykker - sikkert tre par - på den nemnde kabelen.  Dei song og plystra og brydde seg lite om meg.  Seinare same dag bestemte eg meg for å fotografere dei, men dei likte ikkje å få peika fotoapperatet mot seg.  Med unnatak av ein, flaug alle vekk.  I det eg skulle til å ta biletet, vart det eit svære spetakkel.  Det var ein hakkespett som tok til å hakke på "topploket" på den aktuelle stolpen.

IMGP3964 kopi

Staren sette lite pris på hakkespetten si hakking...

No skal ikkje eg påstå at staren var i bakrus sjølv om dette var første dagen etter ei helg, men hakkespetten si utruleg raske tromming/hakking mot "topploket" på stolpen vart reint for mykje for den.  Difor gjorde staren som ein kunne forvente - den tok til vengane og flaug derifrå.

IMGP3965 kopi

Staren tok no til vengane og flaug derifrå.

Då staren flaug, senka hakkespetten seg litt lenger ned på stolpen og tok til å hakke på treverket slik ein hakkespett vel skal gjere?

Nokre dagar seinare heldt eg på å rydde i eit beite nede ved elva.  Plutseleg høyrde eg den same, raske, hakkinga/tromminga igjen.  Eg kika meg rundt og,  jau, der sat han - hakkespetten.  No sat han på toppen av ein høgspentlinjestolpe og hakka på "topploket" igjen.  Eg hadde fotoapparatet i traktoren og fotograferte den på nytt.  No var forresten ikkje det heilt enkelt for fuglen var liten og stolpen høg, men resultatet ser du i alle høve under her.

Hakkespetten kopi

Her har hakkespetten funne seg eit nytt "topplok".

No har sjølvsagt eg ei rekkje spørsmål om denne hakkespetten som brukarar av hjorundfjord.no heilt sikkert kan svara på.  (Dette er ingen quiz for eg veit ikkje svara)

Kva heiter denne hakkespetten?  Den liknar på ein Flaggspett, men denne har raudt hovud...

Kvifor hakkar den på metallplata som skal verne stolpen?  Fører ikkje slikt noko til sterkt "haudeverk"?  Eller er det slik at der er småkryp under denne metallplata som kort og godt må krype fram når denne hakkinga/tromminga tek til?

Eg er takksam for svar.  Ogkjem det ein lite quiz.  Kva er det som er avfotografert under.  Vi må ha eit godt uttrykk.

IMGP4161 (Large)