Sæbø starta kampen med eit praktangrep på 1 og 2 tuch der Mikkel fekk æra av og sette ballen i mål. Keeper Martin Luan gav ballen til Sivert, han sentra ballen opp til Jon Martin som på 1 tuch slo opp på Bjørnar som på 2 tuch slo til Mikkel som breisida ballen iMart mål, Hareid rakk så vidt å snu seg før dei forsto at Sæbø hadde tatt leiinga. Trenar Yngve meinte A-laget til Sæbø hadde mykje å lære av dette angripet.
Seinare i omgangen skåra Jakob vakkert på ein innøvd corner variant der han fekk stå aleine på bakerste stong og klinke ballen i nettaket. Etter det pressa Hareid, men Thomas fonga ballen i forsvar og starta eit volsomt raid opp sida der han dribla fleire motspelarar før han sentra ballen til Truls Ivar som fekk ein enkel jobb med å sette ballen i mål.

Første omgang var ikkje lang frå jamspelt med sjansar frå begge lag, men Hareid klarte ikkje å putte ballen i mål takka vere keeper Martin Luan som var "Man of the match" for Sæbø i dag.

Andre omgong var so vidt begynt før Jakob kjempa til seg ballen og skåre med venstrefoten, Jakob skåra også 0-5 målet etter ei smart pasning frå Bjørnar. 0-6 kom etter ei ny fin pasning, denne gangen frå Jon Marin opp til Truls som skaut ballen i mål. Hareid pressa so sæbø men Jon Martin snappa ballen på eigen halvdel og satte fart forbi samtlige Hareid spelerar og klinka ballen i mål. 0-8 kom av at Jakob vann ballen på Midtbana og såg Bjørnar som skapte seg rom med eit "bua-løp" tatt ut av læreboka. Pasninga blei enkel og avsluttninga var iskald. Truls Ivar fekk æra av og stusse Sæbø sitt siste mål for dagen etter ein innøvd inkast variant. Etter det slappa sæbø av og Hareid pressa fram eit utligningsmål.

Sæbø vann komfortabelt 9-1 i ein kamp der forsvars rekka og keeper stoppa nesten alt av sjansar Hareid klarte og skape. Mikkel arbeida som en hest på midtbana i andre omgong og då trenar Yngve spurde Mikkel om kva hemmeleg heita bak all energien var svarte Mikkel: "1 1/2 liter tropisk nektar i pausa." Dette er no obligatorisk nistepakke for guttespelerane ut sesongen. Martin Dimmen og Nysignerte Sindre Sæbønæs spelte også ein god kamp, Martin var farleg frampå ved fleire anledningar og berre stolpeverket hindra han ei skåring.

Gutt
Bak Fv: Jakob H Moe, Sivert Årseth, Jon Martin Mo, Thomas Straume og Bjørnar Holen
Midt Fv: Truls Ivar Knarvik, Martin Dimmen, Mikkel Riise og Sindre Sæbønes.
Framme: Martin Luan
Ikkje tilstades: Karl Erik Sæbønes