Det var Vartdal som tok leinga i den spennande kampen på Sæbø stadion søndag.  Det var 14-åringane, G 14, som spelte mot kvarandre, men Sæbø stilte som vanleg både med jente- og gutespelarar.  Denne gongen vart det spelt 7-ar fotball.  Det var Dagfinn Strand som var dommar.

Det gjekk heldigvis ikkje lenge før Sæbø utlikna og då første omgang var ferdig, leia Sæbø 3 - 1.  Men Vartdal hadde slett ikkje planlagt eit tap på den fine grasbana.  2. omgang var ikkje gammal før stillinga var 3 - 3.  Deretter vart det ein svært så spennande kamp.  Spelet bølga fram og tilbake, men det var Sæbø som drog det lengste strået.  Heilt på slutten av kampen greidde Jonas Jelti å kjempe inn det avgjerande 4. målet og dermed hadde Sæbø vunne den gode kampen.

Vi har ikkje fotografi frå denne kampen, men sigersfotoet har vi likevel.

IMGP4571 (Large)

Dette fotoet er tatt før kampen mot Sandsøy den 12. mai.   (Sæbø hadde også med eit par andre spelarar i tillegg til dei på fotoet)

For oss som står på sidelinja er det kjekt å sjå framgangen frå kamp til kamp.  Det er tydeleg at trenar Emile er god til å lære frå seg og vi ser - og høyrer - at han også gir gode og klare innstruksar under kampen.  På den måten vert spelarane tryggare og laget betre.  Hjelpetrenar Trond Holen vil ikkje denne gongen trekke fram nokon spesiell spelar på Sæbølaget.  - Dette var kort og godt ein lagsiger, seier han til hjorundfjord.no og legg til at fleire spelarar har heva seg fleire hakk.

Skal ein amatør tillate seg å kome med litt konstruktiv kritikk, kan det sjå ut til at det kan vere klokt å øve meir på det som bør skje når det skal scorast mål.  Når skal ein skyte og når skal ein sende ei passning til ein medspelar som kanskje er i betre posisjon.  Men igjen - dette var ein flott kamp der laget greidde å kjempe til seg ein siger i ein jamnspelt kamp. 

Heilt til slutt var det mange av oss tilskodarar som la merke til kor flinke spelarane var - ikkje minst dei på Vartdal - til ikkje å kome med kjefting og smelling på bana.

Målscorarane på Sæbø var Bjørnar Holen (2) og Jonas Jelti (2).