Fleire i Bondalen og Hjørundfjorden har i dag lagt merke til eit gult ambulansehelikopter som i ettermiddag, søndag 25. mai 2008, har floge minst to gonger over Bondalen.  Til hjorundfjord.no opplyser Sunnmøre politidistrikt v/Kongshaug at ein mann vart henta ut av Kvistaddalen med ambulansehelikopter i dag.  Denne mannen hadde vore på skitur i området, men hadde fått skade i beina då han skulle renne ned frå området v/fjellvatna.

Den skada mannen vart frakta ut av Kvistaddalen med dette helikopteret.  Foto:  Ivar Svein Mo.

Kongshaug fortel vidare at politiet ikkje hadde så mykje å gjere med denne saka - det var nærast eit reint ambulanseoppdrag med helikopter.  Likevel kjende han til at personen nok var forkomen, men det skulle ikkje vere skadar utanom skaden/skadane i beina.  Personen vart frakta til sjukehuset på Åse.