Ytre del av anlegget

"Verdas vakraste fjord" med eit gigantanlegg i forgrunnen.

Vonleg gjev biletet av ytre del eit inntrykk av dimensjonen på anlegget i Øksavika/Standal. Dette er det allereie gjeve konsesjon til. (Før protestaksjonen såg "dagens lys.") Så ligg det føre søknad om ei 3-dobling. Men mange spørsmål knyter seg til såvel prosess som omfang. Som skal avklarast.  Korleis kjem ei eventuell 3-dobling av det til å sjå ut? Eg torer knapt tenkje på det. Vi får førebels berre avvente og sjå.

Som før sagt er våre berekningar/mål avvikande frå det som er gjeve konsesjon til. Eg vil ikkje påstå det, men det synast som om anlegget er utlagd med tanke på ei forskottert innvilga 3-dobling av volummasse. Bl.a er det 70 meter avstand mellom dei utlagde merdene. Med god plass til merder mellom......

Det vil verte avklara. Eg har fått "hint" om at kontroll kanskje vert tekje i dag. Svar vil vi vonleg få over helga.

 

SEGLINGS-RUTE.

Vedrørande den tilrådde seglings-ruta på papirkart og GPS-kart mellom Standal-Sæbø/Sæbø-Standal,går den etter våre berekningar tvers "gjennom" merde nr. 5 (Utlagd 6 merder) knapt 100 meter frå ytterpunkt/ytre blåse.

Konsesjonsinnhavar har plikt på seg til å informere Kystkartverket når anlegg er lagt ut. Korleis dei då vil handsame saka, står att å sjå. Men her er 2 alternativ. Anten må anlegget vike, eller så må nytt kart teiknast og seglings-rute endrast.

Ei innarbeidd seglingsrute som ferje og skyss/legebåt og annan båttrafikk vert tilrådd å bruke..... Ein fjord som representerar "verdens fremste, fremtidige reisemål" (National Geographic.)med auka cruise, charter og småbåttrafikk skal event. måtte vike for eit "tilfeldig" plassert oppdrettsanlegg som ikkje gjev ein einaste arbeidsplass til Hjørundfjorden," berre ulemper og negative miljøkonsekvensar.

Når tilbakemelding frå Fiskeridirektorat/Kystverk ligg føre, vil dette vere meir avklara. Men såpass vil eg seie. Dersom det syner seg at våre berekningar stemmer, vil eg i skriv til Kystverket  argumentere for at tilrådd konsesjon vert teke oppatt til handsaming. Underbygd av event. uttale frå hurtigbåt/legeskyss og ferje, samt å syne til "turist-argumenta."