Etter ein times tid i morgonsola toppa eg ut på Lissje Eidskyrkja. Frå høgste punktet såg Nordveggen ikkje lenger særleg fristande ut, eller rettare sagt; det einaste eg såg var dalbotnen djupt der nede, mellom meg og noko som likna på ein skavl med stort potensiale for å brotne. Men etter å ha rekognisert nedover langs snøflanken mot Skinnviksetra, såg eg at det var mogleg å køyre inn i Nordveggen om lag 75 meter nedanfor topp-punktet. Eg laga meg ei pil i snøen, trakka oppatt på toppen, spende på meg skia og let det stå til. Vel inne i sjølve veggen, oppdaga eg at morgonsola hadde bite kraftig frå seg i det øvste snølaget. Dermed måtte eg ta ein kraftig og lang høgresving for å kvitte meg med sløsjen nedover renna. Strategien verka, og deretter var det berre å svinge seg nedover - om enn med litt tette vendingar og i ikkje alt for høg fart. Hellingsvinkelen blei målt til 50 grader på det brattaste partiet inne i slukta. På biletet har eg teikna inn linja eg følgde.  

(Eigentleg har eg hatt denne linja i Nordveggen av Lissje Eidskyrkja i kikerten i lengre tid, sjølv om eg altså ikkje hadde tenkt å køyre den nett denne dagen. No i ettertid las eg her på Hjørundfjordportalen at nokre av brukarane hadde ein del spørsmål kring denne Nordveggen, og dette får vere mitt bidrag. Elles hadde det vore interessant å vite kven som køyrde linja den første gongen - var det du sjølv, Johan Hustadnes?)

Nordveggen i Lissje Eidskyrkja-Strek

Fann ut at det var greidast å svare på Johans spørsmål om renner ved å redigere heile artikkelen. Det finnast som kjent svært mange bratte renner i Sunnmørsalpane. For berre nokre få år sidan var dei aller fleste av dei uberørte, men med moderne utstyr, betre teknikk og auka vågemot mellom både tilreisande skibomsar og lokale heltar, har mykje vore gjort dei siste sesongane. Men fortvil ikkje; det er framleis mykje å ta av! Det gjeld berre å vere tolmodig og vente på dei rette snøtilhøva, for dess brattare, dess større fare for utgliding og ras. Ved å først gå opp den vegen ein tenker å køyre, kan ein avdekke faremoment som bergknausar, breglepper og liknande ugreier. Ulempen med ein slik strategi er sjølvsagt at ein blir eksponert for eventuelle farar, som ras og skavlbrot, over eit lengre tidsrom, samt at det ofte medfører mykje hardt arbeid. Etter mitt syn er det elles ein stor føremon å køyre med randonee-utsyr i slike bratte renner, særleg når det er hardt underlag. Det gjev mykje betre vektfordeling og kontroll. Elles er skredutstyr naturlegvis obligatorisk. Ved sidan av sendar/mottakar, spade og søkestong, har eg no skaffa meg airbag, som etter seiande skal auke sjansen for å flyte opp på sjølvutløyste skred.  Når eg køyrer åleine, plar eg alltid ringe til ein kompis før eg set utfor, med avtale om at eg ringer oppatt etter eit visst tidsrom. På den måten kan ein iallfall ha ein viss sjanse for å bli berga om uhell skulle skje. Men til sjuande og sist er det eins eigne evner, både som skikøyrar og som risikovurderar, som blir avgjerande for utfallet.

Når eg skriv såpass mykje om renner, er det fordi eg på den eine sida ynskjer flest mogleg skientusiastar velkomne inn i denne fantastiske delen av skialpinismen. Men då blir det naturlegvis viktig å informere dei som har mindre erfaring og meir vågemot om at denne aktiviteten kan vere svært farleg. Det gjeld å bygge opp kompetanse steg for steg på skikøyring og ikkje minst på risikovurdering. Ver varsam! 

Sjølv har eg køyrd mange renner dei siste åra, og dei har blitt stendig brattare og lenger. Men bak kvar vellukka nedkøyring, ligg det ofte både ein og to bomturar, der eg har vurdert tilhøva (føre, sprekkdanningar) for å vere for risikable til at eg vil køyre. Då er det betre å ta ein alternativ veg ned. Den tredje mai i år gjekk eg i lag med to kompisar over Standalshornet, Nordre Sætretind, Kolåstinden, Kjerringa, Vassdalstinden og Saudhornet. I vestsidene av dei fem førstnemnde fjella køyrde vi flotte renner med hellingsvinklar på mellom 35 og 45 grader. Eg har ikkje med bilete av dei her, men det stod ein artikkel i Møre-Nytt førre laurdag og det kjem ein reportasje i Sunnmørsposten 16. mai. I tillegg har eg lova Knut Hustad at eg skal legge turen ut som eiga sak her på Hjørundfjordportalen. I staden har eg teke med bilete av tre andre flotte linjer eg har køyrd dei siste par sesongane.

 Smørskredtinden - Strek

Det første biletet har eg henta frå nettstaden til SunAlp. Fjellet er naturlegvis Store Smørskredtind, og linja er nokså vedvarande bratt (kanskje opp mot 50 grader på det meste) og lang (nesten 1000 høgdemeter om ein reknar heilt ned i dalen).

 Vassdalstinden - strek

Det andre biletet har eg teke frå Saudehornet. Linja ligg i vestsida av Vassdalstinden og har nok ei snitthelling på 45 grader i øvre halvdel. Her er det verdt å merke seg at dei første 50 høgdemetrane frå toppen er svært bratte, ofte islagte, gjennom ein smal passasje ned i sjølve renna.

Saudehornet - Strek

Det tredje biletet har eg teke frå Rambjørhornet tidlegare i vinter (der eg forresten hadde ei artig nedkøyring langs den kvite stripa rett ned mot sætrevegen på Mo, som er så tydeleg når du køyrer på stripa i Hovdebygda, mot Ørsta). Linja, som ligg i austsida av Saudehornet, er ikkje veldig bratt (kanskje 40 grader), men eg tok den med sidan den er så lett tilgjengeleg. Eg køyrde ho for nokre dagar sidan, men då sjølvsagt med mykje mindre snø enn på biletet.