No ein kveld kom me på at me ville take ein snartur opp på fonnvernet, me såg då at råsa var utbetra og ho førde vidare oppgjennom granskogen .
Me va litt nyfikne  og tok til å vandre råsa oppover, det er så lenge sidan gutedagane då me leika der at eg hadde gløymt kor fin botnen i granskog kan vera på Vestlandet. Her austanfjells er alt berre daudt og svart i slik skog, på Sæbø er det eit eventyrlandskap av mosegrodd stein og vekster, som ville vera nytt og ein atraksjon å oppleve for mange som kjem utanfrå .

Sæbø og Skondalen20080504
Sæbø med granskogen ovanfor Fonnvernet. Her går den nye råsa.Foto 2008
 
Men ikkje nok med det, råsa berre heldt på og heldt på, fint lagt, breidt rydda og tydeleg merkt. Før me gav oss så var me komne like opp i snøen og Skondalen, på høgd med Knutsgjølet og Korsastreket .
 Der låg det ei overdekka motorsag, hanskar og slikt, det var tydeleg at den som driv og rydder ikkje har tenkt å gje seg med dette.
Kven det no er som har utført dette, så skal han ha all honør for tiltaket og det fine arbeidet.
Etterkvar så har det på grunn av attgroing vorte vanskeleg å kome seg opp om skogen, denne råsa kan gje mogelegheiter til turar både oppover vidare, framover og heimover.
Her bør det koma opp tavler på Sæbø som fortel om denne råsa, (vonaleg framtida ræsene), ved fergekaia og på hotellet, dette er noko som vil verte til glede for både innanbygds og utanbygds. Det siste ikkje mist, bygda har vorte ein flott turistattraksjon rikare.
 
Stor honnør til dei, eller den, som har sett i gang med dette tiltaket, kanskje vedkomande ville vere ein god kandidat til årets Bondaling??
 
Ikkje nok med  fin 17mai feiring og ny  flott rås, lurvegranene på Kapteinskvia og gravhaugen var nedtakne.
 Ikkje likar eg så godt gran, korkje her eller der, men det var så godt, når me  er på hytta vår  ved Duegrova, å få sjå blå fjord i staden for svarte graner. Takk for at desse vart fjerna, der er enno nok å ta av.
 
No ser eg fram til at komunen gjev dykk ei hand, så de kan få fullført det store strandprosjektet de la i veg med i fjor. Dei hadde no råd til ei dyr gågate der det for meg  synest  er lite liv att, rimelegvis, det pulserande livet er flytta til det nye "signalbygget". No må vel Sæbø stå for tur .
Når strandområdet, " promenaden ", vert fullført med gras og plantingar, då vil gjester som kjem sjøvegen til Bondalen få ei finare oppleving enn før og bygdefolket enno ein ting til å vere stolte over.
 Me kjenner slagordet " Molde rosenes by ", kanskje Sæbø kan verte alperosenes landsby?
 
Lukke til  Sigmund