Som så ofte før tikka det inn ei tekstmelding frå Fred Ingar (Somby) ut i veka; ”Tar vi Mohns på lørdag?”. Eg hadde eigentleg planar om Kvitegga, men ho kan jaggu få vente tenkte eg. Vegard (Flø) har nettop kjøpt seg nye ski og eg tenkte at dei må no han få brukt.. men Vegard bur i Oslo. Er det ikkje herleg med impulsive folk? Vegard heiv seg i bilen og plotta inn gamle grendi på GPS’en han. Fredagen gjekk med på å skaffe klatresele til Vegard (Tore på G-Sport i Volda har som regel alltid det ein treng) og ein liten oppvarmingstur mot Lissje Eidskyrkja. 

Laurdag morgon klokka 07:00 vart eg plukka opp av to merkeleg morgonfriske karar, og vi sette kursen mot Ytre-Standal. Dette er ikkje den vanlege ruta som står i bibelen til Standal og Hagen, men vi kunne rett og slett ikkje tenke oss ein betre anmarsj til Mohns Topp enn via Molladalsskaret. Ved garden Bakkane på Ytre-Standal betalte vi 10,- kr i bompengar og fekk køyre så langt fram som vegen tillet det for vanlege bilar. God start.

2

Litt trasking på beina før skia er der dei skal vere (Foto: Fred Ingar Somby).

Veret skulle vere godt i følge yr.no. Men oppover mot Molladalsskaret tjukna det til. Men med tre optimistar på laget var vi samde om at dette var ”meget lokalt”. Gjett kva som venta oss i skaret?

3

Er det rart vi gliser (Foto: Fred Ingar Somby)?

4

”Æ sa det va lokalt…” (Foto: Ronny Haugen).

5

For ein dag! (Foto: Fred Ingar Somby)

Etter å ha supa i oss inntrykka frå det som må vere verdas vakraste dal, Molladalen, reiv vi av fellane og fekk oss nokre svingar ned i dalen før eventyret kunne fortsette.

6

 Vegard får fart på nye skia (Foto: Fred Ingar Somby).

Etter ei god matpause i Molladalen la vi igjen det vi kunne av utstyr (svaskoa, ein del ekstra klatreutstyr, termosar og ein del sjokolade vart lagt att.. beklager Knut..).

Vi festa skia på sekken og la i veg. Etter det vi hadde lest, skulle turen opp til egga ta om lag ein time, og det er frå teltplassen i Molladalen. Vår tur tok noko lengre, men det var vår eigen feil..

7

Anmarsj (Foto: Fred Ingar Somby).

8

Vegard lurer seg unna snøen eit stykke (Foto: Ronny Haugen). 

Mohns renna får tidleg ei bra hellning, og vi hadde klare både stegjern og isøks. Stegjerna fekk vi ikkje bruk for, men isøksa kom godt med.

9

 Vegard på veg opp. Fred Ingar har funne seg ein fin stein lenger oppe (Foto: Ronny Haugen).

10

Ein kan føle seg liten av mindre.. (Foto: Fred Ingar Somby).

Vi prøvde oss på ei meir direkte rute mot egga enn det som er vanleg, det skulle vise seg å både vere vanskeleg og å koste oss mykje tid. 

11

Smart med hjelm i slikt terreng (Foto: Ronny Haugen).

12

”Her kommer vi ikke opp..” – ”Greit, ej prøva her borte ej då!” (Foto: Ronny Haugen).   

13

"Sukk.. hater å snu.." (Foto: Ronny Haugen). 

14

"Å i h..... heller, ej snur kara! Me gjenge opp den vanlige veie trur ej…" (Foto: Fred Ingar Somby). 

Etter ein del vekkasta tid og krefter kara vi oss opp på egga, godt fornøgde med at vi hugsa den 8’ande fjellvetregelen – ”det er inga skam å snu”.

15

 Eg fekk klar beskjed om å stå i ro.. eg er visst klumsete og løsna for mykje snø i hovudet på karane i retrett under (Foto: Ronny Haugen).

Fred Ingar fekk blod på tann og gassa på siste meterane og kunne i ensom majestet forsere egga mot toppen. Vi vurderte det dit hen at sikringsutstyr ikkje var naudsynt denne dagen, men dette har nok mykje med snøforholda på egga å gjere. Og om ein føler seg utrygg er det alltid lurt å sikre. Men alt i alt var ikkje egga så skummel som vi kanskje hadde forventa.

16

Endeleg Mohns Topp (Foto: Fred Ingar Somby)!

17

Oversyn over delar av egga (Foto: Fred Ingar Somby). 

18

Etterkvart kara også eg og Vegard oss opp (Foto: Fred Ingar Somby).

19

Endeleg klar for siste meterane (Foto: Fred Ingar Somby)! 

Vi var dei einaste opp Mohns renna denne dagen, men frå Årsneset og opp Inste Årsnesdalen kom ein jevn straum av folk heile dagen, og dei såg ut som dei kosa seg – dei også.

20

Mange tok turen til Randers.. (Foto: Fred Ingar Somby).

21

.. medan andre igjen kosa seg med klatring på Bladet (Foto: Fred Ingar Somby).   

Men tilbake til det vi kom for, Mohns Topp!

22

Første knepet er passert – dette skulle også vise seg å vere det luftigaste og vanskelegaste (Foto: Fred Ingar Somby).    

23

”Kadå fornøgde?” - (Foto: Fred Ingar Somby).  

10 minutt seinare kunne også eg setje meg på toppen og puste letta ut. Sjølv om Mohns Topp med sine 1340 meter over havet ikkje er den høgaste, har eg sjeldan sett fagrare utsikt. Med skoddedottar som ekstra scenekulisser vart det heile endå meir trolsk. 

24

 Utsikt frå Mohns Topp mot Slingsbys Topp (Foto: Ronny Haugen).

På dette tidspunktet var dagen perfekt for min del. Men vi hadde visst nokre høgdemeter med bratt køyring framfor oss også, det hadde eg nesten gløymt, trollbunden som eg var!

25

Vegard skyt fart ut frå skuggane (Foto: Fred Ingar Somby).

26

Eg synest nyeskia sit godt eg Vegard? (Foto: Fred Ingar Somby)

27

Endå eit stykke att til dalbotnen.. (Foto: Fred Ingar Somby). 

28

Underteikna merkar at det lir på dag.. (Foto: Fred Ingar Somby). 

29

Fred Ingar med fast hæl for anledninga (Foto: Ronny Haugen). 

Vel attende i Molladalen plukka vi opp utstyret vi la att før oppturen, og eg innsåg med gru at vi skulle tilbake same veg som vi kom – opp Molladalsskaret.. ”jammen ej e gåen!”

Etter litt lokking og luring med sjokolade og toddy frå Fred Ingar la vi i veg. Då eg nådde toppen av skaret var Fred Ingar komen noko lenger enn meg..

30

Fred Ingar strekker armane i veret på Grøntinden – luringen sneik til seg ekstra høgdemeter til nedfarta (Foto: Ronny Haugen)!

I frå Mohns renna tidlegare på dagen såg vi ei gruppe på 16-18 personar som kom fram Molladalen og forsvann over skaret. Men kvar tok dei vegen etterpå?

31

Spor både mot Svintinden og ned mot dalen. Underteikna og Vegard i skaret (Foto: Fred Ingar Somby).

Om føret ikkje var det beste i Mohns renna, fekk vi igjen for det no. Frå skaret (og frå Grøntinden for Fred Ingar sin del..) var føret perfekt og vi fekk den ultimate avsluttninga på turen!

32

Underteikna og Vegard nyt perfekt vårsnø. Signaturen til Fred Ingar til høgre (Foto: Fred Ingar Somby).

33

Vert det betre? (Foto: Fred Ingar Somby)

34

Vegard vart kompis med nyeskia i løpet av turen.. (Foto: Fred Ingar Somby).

35

Foto: Fred Ingar Somby

36

Også sindige Finnmarkingar lyt brøle av glede over slike køyreforhold (Foto: Ronny Haugen).

37

Det lir på dag.. (Foto: Fred Ingar Somby).                       

Til slutt ein liten quiz – kva er dette?

38

 Foto: Fred Ingar Somby

Med skia på sekkane på veg tilbake til bilen stoppa ein glisande Fred Ingar meg og tok meg i handa. ”Endeleg Mohns Topp Ronny!”  

Eg har sagt det før, men aldri har eg vel meint det meir; denne turen lever eg lenge på. 

Og jamvel om Mohns Topp omsider er unnagjort, lokkar og slit namnet i meg. Og magien består.