Tidleg ein morgon, 26. mai 1908, gjekk den største steinsvora (ras) ein veit om i Hjørundfjorden. Det var ein fjellhammar frå toppen av den 1218 m høge Keipen som rasa ut inne i Norangdalen. Etter ei tid kom steinrøyken utetter dalen og folket skjøna at her hadde eit stort ras gått, og at dette var noko utanom det vanlege. Mange tok turen inn og ville sjå, og fekk eit syn så dei mest ikkje ville tru sine eigne auge. Frå foten av Keipen og nedover, tvers over den fine og grøderike dalbotnen låg det no ei ur av veldige dimensjonar. Ho var 200-300 meter brei, og somme stader over fleire mannshøgder. Raset demde opp elva og sakte men sikkert vart eit nytt vatn laga.


lygnstoeylvatnet1
Meneskeliv gjekk ikkje med i svora og
heller ikkje husdyr, fordi dette var på sein vår og ingen var flytta til støls.

Ni sel på sætra Lygnstølen vart neddemde. Ingen menneske eller dyr omkom i raset. Alle sela, steingardar, vegar, beite- og slåtteland, kratt og høge tre vart lagt under vatn. Vi kan den dag idag sjå restar og tufter etter sela, steingardane, vegen og nokre av trea står der enno i djupet.

Idag er dette ein ynda plass for sportsdykkarar og andre vegfarande turistar. Raset vart etterkvart ein stor attraksjon og gav auke i turismen i mellomkrigsåra.

Dsc0
Eit utruleg lys opplever dei som dykkar i vatnet.

Å dykke i Lygnstøylvatnet er en fantastisk opplevelse, og er kanskje det mest interessante ferskvannsdykkinga som er å oppdrive. På grunn av det oksygenfattige og reine vatnet står fortsatt tre og gjerdestolpar slik dei stod for 100 år siden. I tillegg er det veg med stabbesteinar, bru og hustufter; alt under vatn. Dette har i mange år vore ein godt bevart "hemmelighet", og eit populært turmål for dykkarklubbar. I dei senere åra har imidlertid flere fått augene opp for denne perla, og det har vore flere reportasjer i internasjonale dykkermagasiner.

Steinen Gange-Rolv kom også i dette raset.

I samband med raset som kom i 1908 og demde opp elva slik at Lygnstølvatnet vart laga, kom denne steinen og la seg med spisse-enden ned.

Gang
Bilete av Gange-Rolv steinen 1908
Folk i dalen såg på denne steinen som ein høveleg bautastein over storhendet. Den om lag 12 m høge kolossen vart kalla oppatt etter Mørejarl-sonen Gange-Rolv.

Medlemmer i ungdomslaget i bygda tok initiativ til å få hogge inn i steinen namnet og kva tid raset gjekk. Riksvåpenet skulle også målast ved sida av namn og dato, dette truleg fordi det berre var få år sidan unionsoppløysinga med Sverige.

Du finn steinen på veg innover dalen på venstre side rett før ein kjem til Lygnstølvatnet.

Norangdal grendalag inviterer til 100 års jubileum sundag 25.mai kl.13.

Komande sundag 25.mai kl.13.00 vert det jubileumsfest på Lygnøyra ved Lygnsvatnet i Norangsdalen.

Honndalstausene
Frå venstre: Gunnhild Sindre, Torunn Raftevold Rue, Tone Lien Dyrkorn, Marianne Tomasgård, Bente Storbakken, Synnøve Hjellbakk Hole og Gunn Sølvi Gausemel. (Honndalstausene)

Her vert det :

· Historisk tilbakeblikk v/ Lars Kristian Norang

· Felespel ved Honndalstausene

· Ålesund Dykkerklubb; ”jubileumsdykk” og bilde

· Postkortutstilling v/ Jostein Mo

· Trekkspel og rjomegraut

Det vert som ein ser av plakaten både felespel og trekkspel, "jubileumsdykk" og nærare studie av Gangerolv-steinen. I tillegg vert der bilde frå dykkartokt (ÅSDK) og postkort ved Jostein Mo. Men hovudfokuset er raset og kva for konsekvensar det fekk.

Her kan ein sjå heimesida til ÅSDK: http://www.aasdk.no/sider/NyhetDet.asp?NewsID=758

 

På denne sida kan du også finne eit flott bildegalleri frå Lygnstøylsvatnet: http://www.aasdk.no/Sider/Gallery_Detail.asp?GalID=283

 

Hjørundfjordportalen har også ein fin artikkel frå dykk i vatnet. Denne artikkelen var nominert som ein av dei beste i ”Årets reportasje 2007”: http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=1228

 

Norangdal grendalag ynskjer alle hjarteleg velkomne.

.(Klikk på lenka her for å kome til plakat i Aktivitetskalendaren)