Ølsak

Her er bilde (kopi) av lovnaden butikkane gav då dei skulle ha salg av øl i butikk.

Slike brev som ligg i kommuna sitt arkiv kan ingen lure seg unna.

Det står svart på kvitt at butikkane lover 300.000 i året.

Ordføraren lyg i vert fall ikkje som enkelte påstår i Møre Nytt i dag.

Kommuna blei lurte opp i stry og beit på slike lovnader.

300.000 X 4 år skulle bli 1,2 mill til kulturen

Kulturen får kanskje 350-450.000 tilsaman på 4 år.

Då mangler det  750-850.000 kr .

Det med 5 kr ølkassa var noko som kom på bordet i 12 time gjennom en faks.

Det skulle ikkje ha vore tatt med i det heile då politikarane hadde forholdt seg til det som stod i dette brevet før dei kom til kommunestyremøtet.

Ingen fekk tid til å tenkje igjennom det nye forslaget frå butikkane.

Det gjekk litt fort i svingane den gangen.

Det at butikkane kjøpte øltelt og anna får vere deira sak .

Penger som blei brukt for å starte Ørsta Aktivum og å kjøpe inn ølteltet  var penger som kulturen skulle ha fått utbetalt.

Det er tapte kuturpenger som kjøpmennene har brukt opp.

Kulturen starta ikkje Ørsta Aktivum, så då burde også butikkane betale for  dette frå eigne midlar å ikkje bruke av pengar som kulturen skulle ha.

Eg trur dei fleste i kulturen gjerne vil ha vekk både øltelt og Ørsta Aktivum.

Kulturen treng pengar, ikkje utgifter og arbeid for å drive eit firma.

Øltelt treng vi i vert fall ikkje då dei fleste i kulturen jobber med forebyggjande arbeid blant dei unge.