Som avslutning på handballsesongen vart det i år tur til Fredrikstad for J 16, no     J 17.

J17 i Frerikstad
Blide og kjekke jenter på Cup! Else Marie, Torill, Kathrine, Malene, Sara, Tiril, Liv Grete, Karoline, Marita, Rebekka og Hanne.

Vi starta turen torsdag 8. mai rett etter skuleslutt og når alt og alle var på plass vart der ganske fullt.
IL bussen er VELDIG kjekk å ha til slike turar, vi såg ikkje mange andre som hadde eigen buss!

Blide damer på tur
Kaffipause for blide mødre på Lom! Ann-Elin og Grethe.

Planen vår var overnatting i campinghytter på Rustberg camping på Øyer og då kl. var 23, kunne vi endeleg ta inn på tre flotte hytter.

Tine, Mega Ørsta, Kiwi Meieribygget, Felleskjøpet og Westre sponsa oss med frukt, mat og drikke, TAKK til dei!

Hytekos
Hyttefrokost.  Malene, Else Marie, Tiril og Kathrine.

Egen buss
Klare for avreise til Sverige!

Sidan jentene ikkje skulle spele kamp før laurdag ettermiddag meinte dei fleste at  vi like godt ta oss ein tur over grensa til Sverige å sjå kva grannelande hadde å by på.

Handel2
Der var "Rea" overalt og mange av oss fekk plass til  litt meir i reiseveska...
Liv Grete, Rebekka, Malene og Torill.

handel1
Malene fann seg nye fotballsko så nå er fotballsesongen også berga! 

Etter innsjekking utpå kvelden på Trosvik skole var det tid for kveldsmat og så var det kveld..

 

Cup2
Blide jenter klare til kamp! Karoline, Marita, Rebekka og Hanne.

gensar
Alle fikk nye fine, svarte gensarar med gullskrift, sponsa av Bellingen, Rekkedal Gjestehus, ik-reklame, Hotel Union Øye , Malar Olav og Bondalseidet Hytteutvikling. Takk til dei!

frokost
Frokostservering i matteltet. Alle måltid vart servert her og vi vart ikkje inponerte. Køene var endeelause og køsystemet eit kapittel for seg.



Etter frokosten var nok dei fleste litt nervøse for nå var det tid for handball! Første laget vi møtte var Skarnes og vi var spent på nivået på laga skulle møte.
Første kampen starta famlande men etterkvart som jentene vart sikre på seg sjølve og at dette skulle gå bra spelte dei godt og kunne gå av bana med siger 11-5:)

Om kvelden var det det nokre som ville på diskotek mens andre ville sjå kamp. Tilslutt var det pizza på peppes og to runder i rundkøyringa.
Då Ann-Elin ville ha "reiikningja" trudde kelneren at ho ville ha dessert og var svensk?! men då ho bad om reiningen gikk det greit...

Pizza2
Vi ventar på pizza! Else Marie, Kathrine, Liv Grete og Rebekka.

Pizza
Torill, Marita og Hanne.

svenskegodt
Laurdagskveld med svenskegodt!



Neste kamp var mot Rælingen, ein kamp der jentene spelte godt og vann fortjent!

Kampen mot Njård 1 gjekk ikkje like godt, dette var eit lag frå handballinja på ein vidaregåande skule. Jenten gav dei god motstand men vart hakket for små og måtte sjå seg slått av nest beste laget i J17.
Jentene var tøffe og Malene måtte behandlast av Røde Kors personalet men heldigvis viste det seg å vere "berre" ei kraftig "lårhøne" og Malene ville vere klar att til neste kamp.

Grethe
Grethe ser ut som ho er på ferie men det er ho ikkje, ho passa heile tida på at jentene fekk nok veske og fylde på atskillige vassflasker! (Eller vann, som dei sa der...)
Det var varmt og fint heile helga.


Men no var jentene tende for ny kamp og då Bjørkelangen, som attpåtil viste seg å vere eit 18 års lag, entra bana viste Sæbø/Åmdal jentene dei ingen nåde.
Det lyste idrettsglede og kampvilje av alle spelarane og sigeren var klar.
Dermed vart jentene nr to i pulja i "verdens største innandørs handballturnering!"

Oppvarming
Oppvarming før kampen mot Bjørkelangen! Jentene bemerka seg bade på og utanfor bana!
 
Else Marie
Else Marie i høgt svev, og mål vart det!

Malene i farta
Malene i farta og mål igjen! Nesten alle jentene sette seg på skoringslista der Malene var toppskorar.

Mål
Enda eit mål. Malene og Liv Grete. Alt gjekk fint så lenge Liv Grete "ha strekje, Torill ha ho hi,  Sara passa hinne hi, og resten av laget passa dissa hine.."

Så var det kveld med kveldsmat på klasseromet og tre runder i rundkøyringa..

Kveldsmat
Mat må til! Anne-Elin, Roger, Malene, Sara, Liv Grete, Rebekka, Else Marie, Karoline, Marita, Hanne og Kathrine.

Kvartfinala var mandag morgon kl. 8.00 og vi som hadde smugkikka på motstandarane såg at dette vart ei vanskeleg oppgave for det yngste laget i J17, våre jenter er f. 91,92 og 93.
Fredrikstad var motstandar og stilte elitelaget sitt, dvs. eit lag som dei satsa sterkt på til damelag og 1. divisjon. Laget bestod av dei beste 17-åringane frå Sarpsborg, Moss og Fredrikstad og var veldig store og veldig flinke.
Vi starta friskt men det viste seg etterkvart at vi vart for lette.

Men 5. plass er veldig bra og vi vart slått berre av dei to beste laga. Fredrikstad og Njård1 møttest i finala der Fredrikstad vart vinnar!

Vi takkar trenar Roger Holen for at han tok på seg å trene jentene i handball då det i haust viste seg at fru Heidi ikkje kunne trene dei pga helsa.
Klart jentene må ha trenar sa han, og visste nok ikkje heilt kva han hadde gitt seg ut på...
Både trenaren og jentene har lært mykje dette året!
Vi har hatt eit fint år der jentene har vore blant dei beste på Sunnmøre.

I svevet2
Snart heime...