Dugnaden som skulle starte førstkomande måndag er utsett ei veke.  Vi hadde test av nykonstruert plog i kveld, denne må justerast litt, så vil den fungere som forventa. Takfiol?Tidligare i denne veka har  blomster, gras og mose fått stygg medfart, men det må til, takk til slottehjelpa.Bernt Arve i sving med langorven. Det er dessverre meldt  ein del nedbør dei første dagane i kommande veke  og så skal det feirast bryllup i slutten av veka, så då er det tryggast og utsette oppstarten. Då vert første dugnad kl 1000 måndag 26.Mai. Helselaget har organisert så det vert noko å bite i for alle som deltar. Det er fortsatt ledige plassar, så det er berre å ta kontakt med oss. Med vennlig helsing Lars Molvær, Åge Solhaug, Rune Mo og Arne Lied.