Ein stor fugl som er svært uventa å sjå på våre kantar, og om den i det heile har vore sett her før?

Tre unge godt voksne kom og gjorde meg oppmerksam på at der gjekk ein rar stor fugl i åkeren med oss i kveld. Vi i portalen har jakttid heile året og våpenet er til ei kvar tid ladd og klar til bruk, og det var det denne gongen også.

Storken går på Kvistad 20080531
Ein kjempe fugl gjekk og beitte med oss på Kvistad. Dette var ikkje ein fugl som vi hadde i åkeren til dagleg. Dette måtte være ein stork.

Det vart sprunge i voksterleg gras og i åkeren fann vi den merkelege og store fuglen, og eit foto vart sikra etter han kom over i graset. Fuglen letta og flaug over Moane, og hadde eit stort vengespenn, og over til Aklestad til ein åker der. Etter kvart vart vi klar over at det var ein stork vi hadde fått besøk av. Dei tre godt voksne fekk seg litt å tenke  på no når storken er komen til oss:-)

Storken på Aklestad 20080531
Storken har et langt, kraftig oransje nebb og lange føtter. Den er for det meste kvit, men på stjerten er den svart. Storken er veldig stor og har  lange store venger. Den har eit vengespenn på opptil 2 meter. Storken er stum, den kan ikkje lage fuglesang eller fuglerop, så dei bruker nebbklappring til å kommunisere med kvarandre.
Storkens reir  er veldig store og kan være to meter lange og heile tre meter dybde.
(kilde Wikipedia)

Storken i åkeren 20080531 Stork 20080531  Stork går unna 20080531
 Storken er komen over til Aklestad  Storken i roleg gange Fotografen vart  litt   nærgåande


Etter å sett han lande i åkeren til Arve Svoren måtte det berre takast fleire bilete av denne langvegsfarande karen. Her gjekk han roleg og beitte og var svært så fotogen.

Arve kan fortelje han hadde jobba på åkeren heile dagen og det fyrste uvanlege han såg var ei fortropp av gråmåsar som kom og heldt spetakkel i tretida, og så kom denne store fuglen og dermed flaug måsane. Rundt storken var det eit spetakkel av vanlege måsar som ikkje likte denne store framande karen.

Dette ser vi som eit god teikn, og det er uvanleg at desse fuglane kjem så langt nord. Men dette er eit godt teikn for bygdene våre, for desse fuglane  er kjent for å "frakte" små babyer til verda, storken blir ofte brukt i teikneserier og i barnefilmar.

Håper at alle bygdene i Hjørundfjorden får besøk av denne karen, og at den vert ein velsignelse for oss. Ta vel imot han.

Han sit i kveld på eit hustak på Aklestad akkurat slik vi ser han på taka i Dannmark.

(Alle bileta kan klikkast på for å sjå ein større versjon)