Fredag 23. maiarrangerer prosjektet Innovativ Fjordturisme feltkurs i praktisk stirydding, -merking, -gradering og planlegging av lokale stinett. Kurset blir på Eikesdal grendahus, og ute i terrenget i Eikesdalen. Bygdemobiliseringsprosjektet i Eikesdal har status som pilot i prosjektet Innovativ fjordturisme, og er medarrangør.

Kurset er gratis, og vi vil rå alle interesserte i dette arbeidet til å delta!

Feltkurs i stiutvikling - Møre og Romsdal

Fredag 23. mai inviterer Innovativ Fjordturisme til feltkurs i praktisk stirydding, merking- og gradering- og planlegging av lokale stinett i Eikesdal Grendahus.

På kurset vert ein introdusert for den nasjonale standarden for merking og gradering av turstiar. Du kan lesa meir om malen på temasiden om vandring. Ein set og fokus på korleis lokale turstiar kan utnyttast for å auka opphaldstida til tilreisande turistar.

Kusleiar vil vera Asle Slettemoen, som har vore ansvarlege for eit særs vellukka vandreprosjekt på Geilo, der stimerking og konseptutvikling for turistar har stått sentralt.

Kurset er for heile fylket og me anbefalar særleg destinasjonsselskap, bygdelag og kommunerepresentantar til å delta. Det vert arrangert tilsvarande kurs i dei andre vestlandsfylka i løpet av mai.

PROGRAM

FREDAG, 23. MAI - EIKESDAL GRENDAHUS

10.00-12.00

Gjennomgang av standard for merking og gradering.

Konseptuering av stinettet i forhold til aktivitet og tema.

Skiltprøvar og piktogram.

12.00-13.00 Lunsj
13.00-17.00

Merking og gradering i praksis.

Synfaring og planlegging

Utarbeiding av skiltplan (med GPS-koordinatar).

PRAKTISK

Kostnadar
Innovativ Fjordturisme dekkar kostnadane ved kurset inkl.lunsj. Reiseutgifter dekker den enkelte sjølv.
Ta med turkle og gode sko!

PÅMELDING
Påmelding skjer til kaia@dreis.no, så snart som råd, der er ledige plassar. 

Innovativ Fjordturisme, et prosjekt for reiselivet i Fjord Norge.

Meir informasjon og påmeldingsadresse finn de hos Innovativ fjordturisme: http://www.fjordturisme.no/nor/nyheter/feltkurs_i_stiutvikling_moere_og_romsdal

Ta også ein kik på www.eikesdal.no 

Du kan også kontakte Hjørundfjord Bygdemobilisering på 90203236 for nærmare informasjon og eventuelt korleis vi skal organisere reise.

 

Mvh Hjørundfjord Bygdemobilisering Ivar Svein Mo - leiar -mosveise@tussa.com