Sist veke la styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering møtet sitt til Urke.  På kaia vart styringsgruppa møtt av leiaren i Urke grendelag, Dorit Rønning, og leiaren i Urke småbåtlag, Johs.  Halland.  Før møtet vart det tid til ei lita synfaring på Urke. 

IMGP4722 kopi

I kaihuset på Urke skal det snart verte m.a. sanitæranlegg for båtfolket.

Allereie i dag er det flytebrygger med plass til mange båtplassar.  Desse flytebryggene ligg rett innanfor den nyrestaurerte kaia.  Johs.  Halland opplyste at dette fungerte bra, men det vart problem om isen la seg i fjorden.   Difor ynskjer no småbåtlaget å bygge ei småbåthamn med plass til 50 båtar like ved elvosen.  Søknad om dette er allereie sendt Ørsta kommune, men p.g.a. manglande godkjenning av Kystsoneplanen, noko som igjen skuldast fare for ras ved Åkernesremna, har småbåtlaget enno ikkje fått svar på søknaden.

Halland orienterte også om hyttefolket i bygda.  Mange har dei siste åra bygd seg hytter og hyttefolket og dei fastbuande har klart å få til eit godt samarbeid, m.a. er hyttefolket flinke stil å stille opp på dugnadar for småbåtlaget.

IMGP4740 kopiIMGP4729 kopi

T.v.:  Johs. Halland er optimist av nataur, men undra seg på kva tid det vart ei avklaring med byggeforbodet i fjorden p.g.a. rasfaren ved Åkernesremna. T.h.: Irene Osvoll(t.h.) og Randi Nordang i samtale med leiaren for Urke grendelag, Dorit Rønning(med ryggen til).

Allereie i dag er det ei fin badestrand med stupetårn på Urke.  Denne stranda ligg i Bøvika rett utanfor Maude.  No har dei to grendelaga i fjorden, Urke grendelag og Øyelandet grendelag, gått saman og ynskjer eit samarbeid om området.  Grendelaga ynskjer å gjere badestranda finare og meir attraktiv.  Ein ynskjer å gjere området til eit fritidsområde der ein gjerne kan opphalde seg heile dagen.  Grendelaga har planar om å setje ut fleire bankar og grillar, bygge leikestativ/leikeplass og ikkje minst bygge sandvolleyballbane.  Det heile er kostnadsrekna til kr. 332.000,-.  Wenche Vollsæther frå Øyelandet grendelag ynskte hjelp frå bygdemobiliseringa til det teoretiske arbeidet/søknadskriving m.m.   Her var Ivar Svein Mo, leiaren for Hjørundfjord bygdemobilisering, raskt ute med eit positivt svar.  - Klart vi skal hjelpe, sa han.  Ivar Svein hadde elles god tru på at dette prosjektet ville bli prioritert både av politikarar og administrasjon i kommunen p.g.a. av at dette var eit positivt samarbeidsprosjekt mellom to bygder.

IMGP4738 (Large)

Godt humør under synfaringa i Bøvika.  Frå venstre: Per Atle Røe, Cecilie Rørstad, Randi Nordang, Ivar Svein Mo og Johs. Halland.  I bakgrunnen ser vi Stennes.

Det vart også tid til ein tur til det nye kraftverket som Tussa Kraft AS nyleg har bygd på Urke.  Det er no prøveproduksjon i dette kraftverket, men det vil ta enno ei tid før der vert full produksjon.  Dette skuldast m.a. manglande kapasitet på linjenettet.  Ei utbygging av nettet vil skje, men ein ventar på ei avklaring av trassevalet til den nye kraftlinja frå Fardal i Sogn og Fjordane til Ørskog.

IMGP4742 kopi

Det nye kraftverket har no prøveproduksjon, men det vil ta enno ei tid før det vert i full drift.

På fotoet over ser vi at det er bygd ein kunstig foss.  Denne fossen er laga slik at ein kan gå under den, men den har også ei praktisk hensikt.  For å hindre at laksen går opp i "elva" som renn ut av kraftverket og kanskje tettar til utløpet, er denne fossen laga.  Dette er viktig for vatnet som renn ut etter at elektrisk kraft er produsert, skal også forsyne smoltanlegget på Urke med vatn.

Etter synfaringa heldt styringsgruppa møtet sitt saman med representantar frå dei to nemnde grendelaga.  Snart får også styringsgruppa ein eller to representantar frå Urke og Øyelandet grendelag.

IMGP4751 kopi

Frå møtet på tidlegare Urke skule, no grendahus.

Irene Osvoll avslutte med å seie at ho var imponert over det bygda Urke klarer å få til trass i folketalsnedgang.  Det var ikkje vanskeleg for resten av styringsgruppa å slutte seg til det.